Kven er tilbodet for?
Barn med nedsett funksjonsevne som bur og har barnehageplass i Bjørnafjorden kommune. Barnehagen skal tilpasse tilbodet for barn som treng ekstra støtte.
Kva går tilrettelegginga ut på?
Til dømes:
- endring/tilpassing av bygg
- støtte til utstyr som barnet treng for å dra nytte av barnehagetilbodet
- opplæring av tilsette
- ekstra bemanning
- andre nødvendige tiltak
Tilbodet blir vurdert og justert om behovet til barnet endrar seg.
Slik går du fram
Send ein e-post for melde frå om behov for tilrettelegging.
Foreldre/føresette melder om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod til sitt barn. Du kan melde frå heile året, det er inga søknadsfrist. Tilbodet er gratis.
Kva skjer vidare?
Vi vurderer meldingane som kjem inn, og kan gjere vedtak om tilrettelegging.
Vi tar kontakt med barnehagen. Dersom det er nødvendig å hente dokumentasjon frå andre relevante instansar, tar vi først kontakt med foreldra for å be om samtykke.
Kva seier lova?
Les om retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod i barnehagelova §19
Avgjerda er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Du kan klage på vedtaket til statsforvaltaren.