Tilsyn med barnehagar i Bjørnafjorden kommune

Tilsyn skal vera eit verktøy for å sikra barn gode oppvekstvilkår, og kvalitetssikra at barnehagane driv i samsvar med lover, forskrifter og kommunale vedtak. 

Ved jamleg tilsyn vil eigar av barnehagen òg vera bevisst ansvaret sitt for barnehagen som verksemd etter "Lov om barnehagar" med forskrifter. Tilsynet som heilskap krev tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Døme på tilsynsområde/tema kan vera om barnehagen følgjer rammeplanen for barnehagar i høve til innhald og fagområde, eller at barnehagen har tilstrekkeleg grunnbemanning i høve til heile plassar.

Sjå "Rutine for tilsyn med barnehagar i Midthordland kompetanseregion" (PDF, 399 kB) (PDF, 299 kB).

Kommunedirektøren har fått delegert mynde for tilsyn, men tilsynet vert utført av Oppvekst saman med kommunane i Midthordland kompetanseregion.

Sjå oversikt over tilsyn nedanfor etter kvart som dei blir gjennomførte.

 

Kontakt

Irene Kvåle Foer
Mobil: 917 57 972
Lena Epland Sløgedal
Leiar for barnehageutvikling og barnehagemynde
Mobil: 92423380
Til toppen