Haustferieskule i Bjørnafjorden kommune

Haustferieskulen er eit gratis tilbod til elevar på 5.-7. trinn i Bjørnafjorden kommune. Bjørnafjorden kommune arrangerer tilbodet i samarbeid med lag, organisasjonar og privatpersonar.

Kva er målet?

Eit sentralt mål for tilbodet er at barn og unge skal oppleve meistring gjennom kurs med god fagleg kvalitet, samtidig som dei får moglegheit til å ha det gøy og få nye venner. Vi ønskjer å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i haustferien 2021.

Kursa blir fullfinansiert av Bjørnafjorden kommune med midlane frå Utdanningsdirektoratet.

Slik søkjer du om plass

Gå inn på lenka til kurset du vil delta på. Fyll ut og send påmeldingsskjemaet. Du kan søkje plass på maks to kurs. Det vil då vere tilfeldig kva for eitt av kursa du kan få plass ved.

Gå til kursoversikt 

Kva kostar det?

Alle tilbod er gratis for barna som deltar.

Kva skjer etter at eg har søkt?

Søknadsfrist er 10. september 2021.

Alle som får plass, får tilbakemelding med tilbod innan 19. september. Du vil få nærmare informasjon direkte frå kursarrangøren før haustferieskulen startar.

Kontakt

Sommarskulen i Bjørnafjorden kommune
Telefon: 916 54 094
Til toppen