Ordensreglement

Forskrift om ordensreglement for grunnskulane i Bjørnafjorden kommune

Fastsett av Kommunestyret i Bjørnafjorden kommune 01.08.2022 med heimel i lov om grunnskole og den vidaregåande opplæringa 17. juli 1998 nr. 61 (opplærings-lova) § 9A-10 og § 9A-11.

§1 Formål

Ordensreglementet skal bidra til å fremje helse, trivsel og læring for elevane. Det skal leggje grunnlag for at elevar viser respekt og tek medansvar for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen skal samarbeide med elevar og føresette i arbeidet for å nå måla.

Ordensreglementet skal ivareta den einskilde elev sine rettar og pliktar i tillegg til det som er fastsett i lov eller på anna måte.

§2 Verkeområde

Ordensreglementet gjeld for alle grunnskulane i Bjørnafjorden kommune og kan ikkje fråvikast. Reglementet gjeld i skuletida, og omfattar  skuletimar, friminutt, SFO, skuleskyss og aktivitetar organisert av skulen. Ordensreglementet kan også få verknad i situasjonar nært tilknytt skulen og der åtferda kan ha direkte verknad på skulesituasjonen for elevane. Det kan vera hendingar på skulevegen og krenkingar som skjer utanfor skuletida som er påverka av opplevingar på skulen eller set preg på den. Reglementet gjeld også for den digitale åtferda. Det betyr at det som skjer via skulen sitt internett og sosiale medium vil kunne omfattast av ordensreglementet. Det er forventa at alle følgjer generelle reglar for god åtferd. Dette er viktig for å skape eit godt læringsmiljø der alle trivast. Ordensreglementet sitt innhald skal vera gjenstand for samtale gjennom heile skuleåret, noko som vil skapa ei god ramme og verke dannande for eit samla skulemiljø. Skulen pliktar å gjere tilsette, elevar og føresette kjent med innhaldet i reglementet. Ordensreglementet skal gjennomgåast ved skulestart kvart år og rektor er ansvarleg for at dette blir gjort.

Ved eventuell motstrid er forskrift om ordensreglementet overordna den enkelte skule sine lokale reglar. Rektor fastsett lokale reglar etter medverknad frå elevar og føresette.

§3 Elevens beste og eleven sin rett til å bli høyrd

Barnekonvensjonen art. 3 og art. 12, Grunnlova § 104 og forvaltningslova § 17 gir alle barn ein rett til å bli høyrd i saker som omhandlar dei og at barnet sitt beste skal vera eit grunnleggande omsyn.

Omsynet til barnet sitt beste er ein rettigheit, eit grunnleggande omsyn og en saksbehandlingsregel. Det betyr at omsynet til barnet sitt beste alltid skal vurderast, og det vil være en saksbehandlingsfeil dersom ei slik vurdering ikkje er gjort. Omsynet til barnet sitt beste er ikkje den einaste faktoren, men ein svært viktig faktor. I vurderinga av kva som er eleven sitt beste, vil eleven si oppfatning vera sentral. Det er likevel ikkje alltid at eleven eller føresette si mening er til det beste for eleven.

Alle barn har rett til å bli høyrd i saker som vedkjem dei. Dette gjeld uavhengig av alder eller føresetnadar. Det må alltid vurderast om eleven er høyrd godt nok i saken eller om ein må høyre eleven sjølv. Utgangspunktet er at barnet skal høyrast direkte, men barnet kan også høyrast gjennom objektive personar, føresette, gjennom brev m.m. Det kan også tenkast at barnet si stemme kjem tydeleg nok fram i anna dokumentasjon. Barnet har ikkje ein plikt til å uttala seg.

§4 Eleven har rett til å:
  1. ha eit trygt og godt læringsmiljø
  2. bli behandla med respekt og omtanke
  3. sleppe å bli utsett for fysiske, psykiske, digitale og verbale krenkingar
  4. ha sine eigendelar i fred
  5. bli kjent med reglementet og kva for nokre konsekvensar som kan bli innført ved brot på reglementet
  6. ta opp aktuelle saker gjennom klasseråd og elevråd
  7. bli tatt med på råd ved endringar i ordensreglementet
§5 Eleven har plikt til å:
  1. følge allmenne aksepterte normer for åtferd
  2.  bidra til at skulen har eit trygt og godt læringsmiljø
  3.  vise respekt og omtanke ovanfor alle i skulemiljøet
  4.  følgje ordensreglementet i sin heilskap
§6 Eleven viser god orden ved å:
  1. møte presis til opplæring og avtalar
  2. ha med læremiddel og nødvendig utstyr til læringsarbeidet
  3. gjere god innsats i skulearbeidet og halde fastsette fristar
  4. ta vare på skulemateriell, utstyr og inventar
  5. hjelpe til å halde orden på skulen, både ute og inne
§7 Eleven viser god åtferd ved å:
  1. vise omsyn og respekt for medelevar og tilsette
  2. bidra til eit godt læringsmiljø
  3. delta i opplæringa og opphalde seg innanfor skulen sitt område
  4. behandla undervisningsmateriell forsvarleg og vise respekt for skulen og andre sine eigendelar
  5. praktisera godt nettvett og bruke digitale einingar som ein kan kommunisere med, som t.d. mobil, smartklokke, nettbrett, etter gjeldande ikt-reglement eller etter avtale med lærar.
§8 Åtferd som ikkje blir akseptert:
  1. språkbruk eller handlingar som krenker andre: t.d. mobbing, diskriminering, rasisme, utestenging, vald eller trugslar om vald
  2. ha med seg eller bruke rusmiddel som t.d. alkohol, tobakk, snus
  3. ha med seg eller bruke farlege gjenstandar som kan skade personar, bygningar eller inventar
  4. bruke plagg som heilt eller delvis dekker ansiktet, jf. opplæringslova § 9-7
§9 Dette skjer om ein ikkje følgjer ordensreglementet:

Om eleven bryt reglementet skal eitt eller fleire av følgjande tiltak setjast i verk:

  1. påminningar om regelverket
  2. samtale med lærer og dialog med heimen
  3. møte mellom kontaktlærar, elev og føresette
  4. oppfølging av leiinga ved skulen
  5. inndraging av gjenstand, gjeld også mellombels inndraging av mobil
  6. bortvising etter § 9A-11 i opplæringslova
  7. heimsending ved alvorlege brot på reglement på leirskule/skuletur
  8. nedsett karakter i orden og åtferd
  9. pålegg om å rette opp ev. skadane som er utført
    • krav om økonomisk erstatning, jf. lova om skade-erstatning
  10. Ved alvorlege mobbesaker kan mobbaren verta flytta til annan skule

Ved alvorlege eller gjentekne regelbrot, jf.  § 8 og 9, der det er aktuelt med sanksjonar som nemnd i § 9 skal det fattast vedtak etter forvaltningslova § 2. Eleven har rett til å bli høyrd, føresette skal kontaktast og har rett til å uttale seg før vedtak fattast.

§10 Straffbare forhold:

Straffbare forhold blir som hovudregel meldt til politiet, i tillegg til skulen sine eigne sanksjonar for forholdet.

§11 Saksbehandling:

Eleven si stemme og eleven sitt beste er grunnleggande omsyn som skal vere tatt med i all saksbehandling i skulen. Sanksjonar skal stå i forhold til brota på ordensreglementet. Eleven sin alder og føresetnadar for å forstå eigne handlingar skal takast i betraktning når sanksjonar vurderast. Eleven skal alltid ha rett til å forklare seg. Dette betyr at før det blir tatt ei avgjersle om kva konsekvensar handlinga medfører, skal skulen legge til rette for at eleven blir høyrd. Skulen skal alltid informere føresette om både hendinga og reaksjonen skulen set i verk. Oppfølging av eleven skal skje i dialog mellom skulen, eleven og føresette. Ved svært alvorlege hendingar kan skulebytte vurderast, jf. opplæringslova § 9A-12.

§12 Iverksetjing:

Den kommunale føreskrifta om ordensreglement for grunnskulane i Bjørnafjorden kommune gjeld frå 01.08.2022. Den har vore på høyring i KFU, i organisasjonane og skuleleiinga, til politisk høyring i ungdomsrådet, formannskapet og til godkjenning i kommunestyret. Reglementet gjeld frå 01.08.2022 med heimel i lov 17. juli 1998 om grunnskulen og den vidaregåande opplæring § 9A-10 Ordensreglement, § 9A-11 Bortvising, og § 9A -1 Elevane sitt skulemiljø. Handsaming av brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova, forvaltningslova og dei alminnelege retningslinjer for god forvaltningsskikk. Dette vil også omfatte reglane om samarbeid med heimen i forskrift til opplæringslova. Føresette har klagerett i dei høver sanksjonar fører til enkeltvedtak.

Til toppen