Kulturplan for skulane i Os
Alle elevar i Os-skulane skal få høve til utvikling av eigen identitet gjennom bruk av kunst og kultur. Gjennom møte med kunstnarar og kulturarbeidarar skal dei få hjelp til å utvikle og styrka si eiga skaparevne.
Tiltaka i kulturplanen dekkjer alle klassestega og alle elevar på kvart steg.
Sjå alle tiltaka i kulturplanen for skulane (PDF, 6 MB)
Kulturplan for skulane er organisert av kultureininga i Os kommune, og har to hovudområde:
- Lokale tiltak i Den kulturelle skulesekken.
- Samarbeid mellom skule/kyrkje.
Dei fleste tiltaka og aktivitetane er knytt til Os og lokalmiljøet, og tek utgangspunkt i nasjonale og lokale læreplanar. Desse aktivitetane er finansiert via Den kulturelle skulesekken.
Skulane får i tillegg tilbod frå Den kulturelle skulesekken i Hordaland.
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 24.11.2016 13.08