Bjørnafjorden kommune legg til grunn at barn skal gå på den offentlege grunnskulen som ligg nærast heimen, eller den skulen i nærmiljøet dei soknar til.
Kva for ein skule eit barn høyrer til blir avgjort med utgangspunkt i:
- Kvar barnet bur
- Kapasitet ved skulen
- Tilhøva på skulevegen
- Kva for ein skule eventuelle sysken går på
Når det nærmar seg skulestart for 1. trinn, vil du motta eit brev om kva for ein skule ditt barn har fått plass ved. Om du ikkje er folkeregistrert med adresse i Bjørnafjorden, må du sjølv ta kontakt med nærskulen.
Spesielt for skuleåret 2021/22
Skulane i Bjørnafjorden sender i oktober/november ut brev til alle som skal begynne i første klasse til hausten. Dette brevet får du frå nærskulen din. Fordi den nye Borgafjellet barneskule opnar hausten 2021, er opptaksområda noko endra for fire barneskular. Derfor går breva til førsteklassingane ut tidlegare enn vanleg. Dersom du ønsker å søke om plass på annan skule enn nærskulen din, er fristen tre veker frå brevet er sendt ut. Eventuelle søknader blir behandla rundt 1. desember.
Forskrift for opptaksområda for skulane (PDF, 2 MB)i gamle Os kommune gjeld framleis. Det finst førebels ikkje eit tilsvarande oversyn for Fusa-sida. Ny forskrift heile Bjørnafjorden kommune er under arbeid.
Spørsmål om skuleplass
Ta kontakt med nærskulen din. Ønskjer du å søkje om endring av skuleplass, må du søke på dette skjemaet. Ver merksam på at dersom byttet medfører at barnet treng skuleskyss, må foreldre sjølv betala for dette.
Sjå oversikt med kontaktinformasjon til skulane i Bjørnafjorden kommune lenger nede på denne sida.