Skulehelsetenesta

Det kan vere godt å ha nokon å snakke med. Alle skulane i Bjørnafjorden kommune har skulehelseteneste med helsesjukepleiar kor du kan få råd og rettleiing. Omfang av tilbodet varierer mellom skulane.

Kven kan ta kontakt med oss?

Alle elevar og deira foreldre kan ta kontakt med helsesjukepleiar ved skulen. Skulehelsetenesta skal vere eit tilbod som er lett å oppsøke, der du blir tatt på alvor når du tar kontakt for å snakke om små og store helseproblem og utfordringar.

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med?

Vi gjer helseundersøkingar og set vaksinar. Hos oss kan du få råd og rettleiing, og nokon å snakke med. Dersom det er behov, kan vi hjelpe deg vidare i systemet. Du kan kome til oss med fysiske, psykiske eller sosiale problem. Vi har teieplikt. Besøk hos skulehelsetenesta gir ikkje fråvær. Tilbodet er gratis.

Vi samarbeider med helsestasjon for ungdom

Skulehelsetenesta

Program for skulehelsetenesta 1. - 10. trinn

1.trinn: Helseundersøking med helsesjukepleiar og lege, vaksinasjon

3. trinn: Vekt- og høgdemåling

5. trinn: Helseopplysning om pubertet i klasse eller gruppe

6. trinn: Helseopplysning om psykisk helse i klasse eller gruppe Individuelle samtaler. Vaksinasjon.

7. trinn: Vaksinasjon

8. trinn: Individuelle samtaler

9. trinn: Jentegrupper

10. trinn: Vaksinasjon

Vidaregåande skule, VG 1: Tilbod om individuelle samtaler. Tilbod om vaksinasjon

Vaksinasjonsprogram 1.-10. trinn

1. trinn: difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt

6. trinn: meslingar, kusma, raude hundar (MMR)

7. trinn: humant papillomavirus (HPV)

10. trinn: difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt

VG1: Tilbod om meningokokkvaksine, ev. eigenbetaling blir bestemt av fylkeskommunen

Tilbodet i barnevaksinasjonsprogrammet står ved lag opp til 20 år. Ungdom som tidlegare har takka nei, eller ikkje har mottatt tilbod om vaksinar i programmet, kan ta kontakt med skulehelsetenesta eller leiinga i Førebyggande helsetenester for avtale om vaksinasjon.

 

Tidspunkt og kontaktinformasjon

Helsesjukepleiar ved barne- og ungdomsskulane

Helsesjukepleiar ved dei vidaregåande skulane

Slik bestiller du time hos helsesjukepleiar

Send SMS, ring eller berre stikk innom.

Vanlege spørsmål

Kor mykje søvn treng barnet mitt?

Søvnen er den prisen vi må betale for at hjernen ryddar i dagens inntrykk og restituerer viktige nervebanar. Når vi lukkar augene og fell i søvn, lukkar vi ute ytre påverknader, og gir hjernen tid til å bearbeide inntrykk og danne nye minne.

Søv vi for lite, blir det vanskeleg å konsentrere seg, hukommelsen blir svekka, og vi klarer ikkje å gjennomføre like kompliserte oppgåver som når vi har sove godt og nok.

Gjennomsnittleg behov for nattesøvn

  • 5 år: 11 timar
  • 9 år: 10 timar
  • 14 år: 9 timar
  • 17 år: 8 timar
  • Ta vare på døgnrytmen
  • Ta vare på søvnbehovet
  • Ha gode søvnvanar
Sengevæting (enurese)

Det er ikkje uvanleg at større barn væter senga om natta.
Prosentdelen barn som har meir enn 1 våt natt per veke er om lag:

  • 20 % ved 4 ½ års alder
  • 5-10 % ved 7 års alder
  • 1-2 % ved 15 års alder

Vi kan hjelpe med råd og rettleiing, og har alarmar til utleige. Les om alarmbehandling her (nhi.no).

Barnet skal vere om lag 7 år før det startar med alarmbehandling. Ved ventetid på alarmar, prioriterer vi dei eldste barna. Ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen dersom du ønskjer hjelp.

Omgangssjuke: Når må barnet vere heime?

Når må barnet vere heime? (Folkehelseinstituttet)

Slik førebygger du omgangssjuke (Folkehelseinstituttet)

Kva har foreldre rett til å vite om hjelpa barnet får?
  • Hovudregelen er at foreldra skal få informasjon når barnet er under 16 år.
    Men:
    • Er barnet mellom 12 og 16 år, skal foreldra ikkje få informasjon dersom eleven, av grunnar som bør respekterast, ikkje ønskjer det.
    • Foreldra skal ikkje få informasjon dersom tungtvegande omsyn til barnet talar imot det.
  • Foreldra skal få informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret når barnet er under 16 år. Barnet sjølv skal bli orientert om at foreldra får informasjon.
Hovudlus

Slik oppdagar du og blir kvitt hovudlus (Folkehelseinstituttet)

Head Lice: Information in Albanian, Arabic, Dari, English, Farsi, French, German, Polish, Russian, Sami, Somali, Spanish, Tirinya, Urdu

Til toppen