Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Skulemiljø og mobbing/krenking

Vi har nulltoleranse når det gjeld mobbing ved skulane i Bjørnafjorden kommune. Det er viktig at du som blir mobba, foreldre eller andre, gir oss beskjed om mobbing.

Barnet mitt blir mobba/krenka, kva gjer eg?

  • Ta kontakt med skulen og be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor.
  • Skulen kan ta kontakt med foreldra til den eller dei som mobbar/krenkar barnet ditt.
  • Kom fram til tiltak i samarbeid med skulen.

Barnet mitt mobbar/krenkar andre, kva gjer eg?

  • Gi klar beskjed om at du ikkje aksepterer mobbing/krenking.
  • Ta kontakt med skulen og be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor.
  • Skulen skal syta for at mobbing/krenking stoppar, og at både elevar som blir mobba og mobbar får tett oppfølging.
  • Du kan òg snakka med klassekontakt, rådgivar eller helsesøster.

Eg blir mobba/krenka, kva gjer eg?

Sei ifrå! For at mobbinga skal stansa, er det viktig å snakka om det og få hjelp. Sei ifrå til nokon du stolar på, til dømes:

  • Foreldre: Dei kan ta kontakt med skulen eller med foreldra til dei som mobbar/krenkar deg.
  • Læraren og trenaren din: Dei har eit ansvar for å stansa mobbinga/krenkinga. Du kan òg snakka med rådgivar, helsesøster eller ein annan vaksen på skulen.
  • Politiet: Dersom mobbinga/krenkinga er alvorleg, som til dømes ved krenking på nett eller mobil, kan du seia ifrå til politiet. På politiet.no kan du tipsa politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Du kan òg melda saka til politiet.

slettmeg.no kan du få hjelp til å fjerna ting på nettet.

nullmobbing.no kan du få meir informasjon og hjelp.

Ta kontakt med Innsatsteamet 

Bjørnafjorden kommune har eit eige innsatsteam mot mobbing/krenking i barnehagar og skular.
Innsatsteamet kan behandla saker der føresette og barn opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar tak i problema eller ikkje gjer nok.
Innsatsteamet kan òg hjelpa dersom barnehagen/skulen si leiing opplever at tilsette ikkje greier å løysa saka eller der dei ordinære tiltaka ikkje har hatt ønskt effekt. Barn og unge, føresette og tilsette kan ta kontakt med oss for å melda inn saker.

Til toppen