Innsatsteam mot krenking/mobbing i barnehage og skule i Bjørnafjorden kommune

Innsatsteamet mot krenking/mobbing skal vere ei støtte for barn og unge, føresette og barnehagar/skular i komplekse saker der vanlege rutinar ikkje strekk til.

Kva gjer innsatsteamet?

  • Teamet skal hjelpe barnehagen eller skulen med å løyse saker, men det er barnehagen/skulen som eig saka.
  • Innsatsteamet kan støtte i det førebyggande arbeidet, men vil primært vere knytt til komplekse saker.
  • For å sikre rask hjelp, skal teamet starte sitt arbeid innan kort tid, og helst ei veke etter at føresette har meldt inn ei sak.
  • Representant frå innsatsteamet skal sikre nødvendig skriftleg dokumentasjon av teamet sitt arbeid.

Kven kan melde frå?

Barn og unge, føresette, barnehagar og skular kan melde saker direkte til innsatsteamet. Tilsette som har direkte kontakt med barna det gjeld, kan òg melde frå, dersom dei opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar ei mobbesak på alvor.

Slik er vi organiserte

  • Teamet er tverrfagleg samansett med helsesjukepleiar, representantar frå Meistringsteamet, PPT, barnehagemynde, fagsjef skule og assisterande fagsjef skule (leiar for innsatsteamet).
  • Teamet møter fast tre gonger i halvåret, i tillegg til hyppigare møte ved behov.
  • Teamet jobbar etter modellen «reflekterande team», som betyr at vi inviterer inn sentrale personar som kan belyse saka på ein god måte.
  • Vi skriv referat frå alle møta.

Kontakt

Therese Johnsen
Leder
Mobil: 915 48 031
Janne Martha Efteland Eik
Leder
Telefon: 934 05 978
Mobil: 934 05 978
Til toppen