Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Søknad om fri frå skulen utanom skuleferie

Det er viktig at elevane er til stades i skuletida. Det kan vera vanskeleg å ta att det tapte etter eit lengre fråvær. Skuleåret har 190 skuledagar og 175 fri- og feriedagar. Bjørnafjorden kommune vil oppmoda føresette og elevar til å legga lengre reiser til desse friperiodane.

Elevpermisjon inntil to veker

Dersom det er fagleg forsvarleg, kan rektor gje eleven permisjon frå den pliktige undervisninga inntil to veker (10 skuledagar).

Ein føresetnad for å gje permisjon, er at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgja den vanlege undervisninga etter at permisjonen er over. 

Søknadsfrist er normalt 6 veker før første planlagte fridag, om ikkje anna er avtalt med skulen.

Elevpermisjon utover to veker

Skulane har ikkje lov til å gje permisjon for meir enn to veker. Dersom rektor gjer vedtak om fritak i meir enn to veker, blir eleven difor meld ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Etter opplæringslova er foreldra no ansvarlege for undervisninga. Retten til opplæring opphøyrer i utmeldingsperioden, og kommunen sitt ansvar for opplæringa opphøyrer tilsvarande. 

Søknadsfrist er normalt 8 veker før første planlagde fridag, om ikkje anna er avtalt med skulen.

Slik søkjer du

Fyll ut og send inn søknad om elevpermisjon.

Søknaden skal innehalda:

  • Namn, fødselsdato og klasse/gruppe på eleven
  • Permisjonsperiode: Frå og med dato/til og med dato
  • Kort grunngjeving av kvifor eleven har behov for permisjon

Ved fråvær i meir enn fire veker, er skulane pålagde å melda frå til NAV dersom dei har grunn til å tru at eleven oppheld seg i utlandet.

Kontakt

Janne Martha Efteland Eik
Til toppen