Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Skuleskyss

Vestland fylkeskommune, ved Skyss, handterer skuleskyssen i Bjørnafjorden kommune. Har du spørsmål rundt skuleskyss, ta kontakt med skulen din.

Ordinær skuleskyss

Dersom det er lengre enn 4000 meter (2000 meter for 1. trinn) mellom heim og skule, har elevar i grunnskulen automatisk rett på gratis skuleskyss. 

Sjå Vestland fylkeskommune sin ruteutreknar for å sjekke om du har rett på skuleskyss.

Her finn du oversyn over Skyss sine bussruter.

Kvar enkelt skule informerer om skuleskyss og busskort ved skulestart. Ta kontakt med skulen din dersom du har  spørsmål om skuleskyss. 

Skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Dersom eleven har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, kan de søke om skuleskyss, sjølv om ikkje kriteria til ordinær skuleskyss er oppfylte.
Sjå kart (PDF, 2 MB) over vegar på Os-sida av Bjørnafjorden kommune som er rekna som særleg farlege eller vanskelege. Førebels finst det ikkje tilsvarande kart for Fusa-sida. 

Farlege eller vanskelege skulevegar er delt inn i raud og gul kategori:

  • Raud veg: Veg som er vurdert farleg for alle elevar på 1.–7. trinn. Dersom eleven bur i eit område med raud skuleveg, vil han eller ho automatisk få fornya busskortet kvart skuleår.
     
  • Gul veg: Veg som er vurdert som vanskeleg, men ikkje farleg for alle elevar på 1.–7. trinn. Eleven må søke om busskort på nytt kvart skuleår.

Bur du på Fusa-sida av Bjørnafjorden kommune, eller i eit område i Os der skulevegen ikkje er markert med raudt eller gult, kan du likevel søke om særskilt skuleskyss dersom du meiner eleven har farleg skuleveg.

Søk om skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.

Skuleskyss til skulefritidsordning (SFO)

Elevane har som hovudregel rett på skyss til start- og sluttid for undervisninga, ikkje til SFO. Unntaket er elevar med funksjonshemming og skyss som ikkje fører til ekstra skyss eller meirkostnader for fylkeskommunen.
Elevar som har fått innvilga spesialpedagogisk opplæring i SFO, har rett på skyss til SFO. Føresetnaden er at det er spesialpedagogisk personell i SFO i samband med opplæringa, og at SFO-tilbodet er gratis.

Ta kontakt med skulen for å søke om skuleskyss til SFO.

Skuleskyss for elevar som bur to stader

Dersom eleven bur tilnærma like mykje hos båe foreldra, og avstanden oppfyller krava til ordinær skuleskyss, kan eleven få gratis skuleskyss frå båe foreldra si adresse. Eleven har ikkje rett til fri skuleskyss i samband med vanleg samværsordning. Det må føreligge skriftleg dokumentasjon på at eleven bur tilnærma like mykje hos båe foreldre. Dersom eleven bur i to kommunar, er det kommunen der skulen ligg som har ansvar for å organisere og betale skyssen.

Ta kontakt med skulen for å søke om skuleskyss ved delt omsorg.

Fekk du ikkje svar på det du lurte på?

På Skyss si side om grunnskuleskyss finn du meir informasjon om reglane for skuleskyss. Ta eventuelt kontakt med skulen din.

Til toppen