Om sommarskulen og praktisk informasjon

Sommarskulen er eit gratis tilbod til barn og unge i Bjørnafjorden kommune, 5.-10. trinn. Bjørnafjorden kommune arrangerer sommarskulen i samarbeid med lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. 

Sjå oversikt over alle kurs med stad og kontaktperson for kurset (PDF, 29 kB)

Bjørnafjorden kommune har fått tildelt midlar frå Utdanningsdirektoratet for å gjennomføre sommarskule 2021.

Kva er målet for sommarskulen?

Eit sentralt mål for sommarskulen er at barn og unge skal oppleve meistring gjennom kurs med god fagleg kvalitet, samtidig som dei får moglegheit til å ha det gøy og få nye venner. Vi ønskjer å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien 2021.

Kommunen har nokre kurs i eigen regi, men dei fleste tilboda kjem frå lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar i lokalmiljøet. Kursa blir fullfinansiert av Bjørnafjorden kommune med midlane frå Utdanningsdirektoratet.

Slik søkjer du om plass

  • Du kan velje fleire alternativ i søknadsskjemaet. Du kan rangere ønska dine etter kva du har mest lyst til å vere med på. Vi vil gjere så godt vi kan for å etterkomme ønske, men kan ikkje love noko.
  • Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til ved enkelte kurs, vil det bli loddtrekking.
  • Merk at ikkje alle kursa har tilbod begge vekene. Pass på at du vel eit kurs i det tidsrommet som passar.
  • Du kan søkje om tilbod begge vekene.

Sjå tilbod og søk om plass 5.-7. trinn Sjå tilbod og søk om plass 8.-10. trinn

Kva kostar det?

Alle tilbod er gratis for barna som deltar.

Kva skjer etter at eg har søkt?

Søknadsfrist for sommarskulen er 26. mai 2021.

Alle som får plass, får tilbakemelding med tilbod innan 6. juni. Du vil få nærmare informasjon om oppmøtestad, klokkeslett, utstyr osb. direkte frå kursarrangøren før sommarskulen startar.

Kontakt

Sommarskulen i Bjørnafjorden kommune
Telefon: 916 54 094
Til toppen