Sjå kurstilbod og søk om plass på sommarskulen for 5.-7. trinn

Les meir om dei ulike tilboda, og søk ved å sende inn skjemaet lengre nede på denne sida.

Les dette før du søkjer

  • Du kan velje fleire alternativ i søknadsskjemaet. Du kan rangere ønska dine etter kva du har mest lyst til å vere med på. Vi vil gjere så godt vi kan for å etterkomme ønske, men kan ikkje love noko.
  • Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til, vil det bli loddtrekking.
  • Merk at ikkje alle kursa har tilbod begge vekene. Pass på at du vel eit kurs i det tidsrommet som passar
  • Du kan søkje om tilbod begge vekene.

Alle tilbod er gratis for barna som deltar.

Søknadsfrist: 26. mai 2021

Tilbod i veke 25 (21.-25. juni) 5.-7. trinn

Musikalgøy! Formidling gjennom song, dans og skodespel

Vi tar eit djupdykk inn i musikalsjangeren. Første dag blir vi kjende, lærer kva ein musikal er og korleis ein kan formidle kjensler, relasjonar og historier gjennom song, dans og skodespel.

Deretter øver vi inn nokre dansenummer typisk for sjangeren, og utvalde songar og scener frå musikalar. Alle er med på songane, men viss ein likar dans betre enn skodespel, kan ein velje berre dans, og omvendt. Dagen startar med oppvarming og leik heile veka for å bli betre kjende med kvarandre, og for å bli klar for ein dag med øving. Til slutt ønskjer vi å halde ei lita framsyning for familie og søsken.

  • Når: Veke 25
  • Aldersgruppe: 5.-10. trinn
  • Stad: Os barneskule

Arrangør: Marie Sophie Hellevang-Jensen

Forskerfabrikkens sommerlab

Informasjon henta frå Forskerfabrikken:

Sommerlab er et fem-dagers forskerkurs. På kurset lærer barna om naturvitenskapens spennende verden. De får utføre eksperimenter med ekte forskerutstyr og bruke kreativiteten til å løse morsomme oppgaver. Deltakerne får teste teori ut i praksis ved å forske og ha morsom fysisk aktivitet ute og inne hver dag.

I år fokuserer innholdet på miljø, bærekraft og teknologi. Barna skal utforske elektriske kretser, kjemiske reaksjoner og fornybar energi som gass og solceller. Det blir kule eksperimenter, samarbeid og kodeknekking. Barna skal blant annet få bygge sin egen solcellebil, teste ut ulike metoder for å rense vann og bygge elektriske maskiner av resirkulert emballasje. Gjennom spennende aktiviteter ønsker vi å vise barna hvordan naturvitenskap kan skape gode løsninger for fremtiden.

  • Når: Veke 25
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Kuventræ barneskule

​Arrangør: Forskerfabrikken Norge AS

Arbeidsstove: Kunst og handverk med naturens materialar

Kom og jobb med kunst og handverk! Materialane samlar vi sjølve ute i naturen.

  • Når: Veke 25
  • Aldersgruppe: 5.-10. trinn
  • Stad: Os barneskule

​Arrangør: Søre Øyane arbeidsstove

Friluftslivskule

Prøv ut masse ulike friluftslivsaktivitetar både til lands og til vanns: Kajakk, kano, robåt, segling, tubekøyring med RIB, SUP-brett, bading, rappellering i fjellvegg, bålkurs, spikking, matlaging og overnatting ute - og mykje anna moro.

  • Når: Veke 25 og 26
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Vinnesholmen

​Arrangør: Vidar Øvredal

Aktivitetar i, på og ved vatnet

​Leik, moro og kunnskap i, på og ved vatn i naturen. Mange kjekke aktivitetar som padling med kano/kajakk, roing med oselvar og fiske frå land. Det blir også utandørs svømming med våtdrakt, sjølvberging og livredning.

  • Når: Veke 25
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: I sjø nær Os sentrum + Os ungdomsskule

​Arrangør: Bjørnafjorden Livredningsklubb

Osbadet sin sommarskule

Svømmeopplæring i basseng og utandørs i vatn med livredning, matlaging, musikk og rytmer, tur med turvettreglar og klatring i Fjorden arena.

  • Når: Veke 25 og 26
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Os idrettspark

​Arrangør: Os idrettspark KF

Eventyrsommar - ein slags speidarleir

Meistring og grensesprenging gjennom aktivitetar og sosialt samvær. Vi vil ha aktivitetar som segling, kanokantring, lag di eiga t-skjorte, mat på bål, leik, knyting av knutar og kokkekamp.

  • Når: Veke 25 og 26
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Ute, rundt omkring sentralt i Os

​Arrangør: 1. Os KFUK/KFUM-speidere

Sommarskule i Fjorden arena

Prøv deg i klatrehallen, få opplæring i kart og kompass frå DNT Ung, bli med på utflukt til Parc Aventure hos Skjelbreid Poirée og til Osbadet. I tillegg blir det bading, grilling, volleyball, kunstaktivitetar, matlaging og kortfilm-laging.

  • Når: Veke 25 
  • Aldersgruppe: 5.-10. trinn
  • Stad: Fjorden arena, Eikelandsosen

​Arrangør: Fjorden arena KF

Alle tilbake på banen!

Fotball, handball og annan allsidig idrett. Leik, moro og sosialt samvær.

  • Når: Veke 25 og 26
  • Aldersgruppe: 5.-10. trinn
  • Stad: Nore Neset idrettspark

​Arrangør: Nore Neset IL

Skate & create!

Ei innføring i rullebrettsporten!

Deltakarane får lære basis om balanse, teknikk, trygging, samankoplinga til surfing og snøbrett samt erfaring med korleis god sjølvkjensle og positivt tankesett/ haldning kjem som naturleg bonus med denne aktiviteten.

Dei får også hands-on-kunnskap om materialbruk og korleis dra nytte av ulike omgjevnader/underlag i rullebrettkøyring ved å vere med på å byggje ein skate-rampe.  Kurset blir halde av Vegard Urne og Marita Moe Sandven. Urne har lang erfaring og god kjennskap til både rullebrett og snøbrett. Han har vore i Noregseliten i snowboarding, vann Tinderittet 2000, andreplass 1999. Urne gjekk idrettsfag på Sandane og hadde fordjupning i snøbrett. Han har arbeidd i skule, barnevern, og i dei siste femten åra som møbelsnekkar, montør og teknikar ved KODE og Bergen Kunsthall. Moe Sandven er danseinstruktør ved Kulturskulen med improvisasjon og kroppsspråk som hovudemne, ho er lærar ved Hålandsdalen montessoriskule, samt utøvande scenekunstnar, dansar og dramaturg i eigne og andre aktørars oppsetjingar.

  • Når: Veke 25 
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Hålandsdalen montessoriskule

​Arrangør: Hålandsdalen montessoriskule

MiniSkapar: Kom og ver kreativ i Skaparstovo!

Lag ditt eige design for trykk på t-skjorter, prøv batikkfarging, lær 3D-printing, lag byggesett eller puslespel med laserkuttaren, eller eigne stempel. Prøv bokbinding og lag fine ting av/med skinn.

  • Når: Veke 25
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Skaparstovo, Øyro 5

​Arrangør: Skaparstovo

Tilbod i veke 26 (28. juni-2. juli) 5.-7. trinn

Teikne- og kreativitetsverkstad

To illustratørar ønskjer å tilby barn og unge eit spennande og kreativt tilbod innanfor teiking, form og farge i Bjørnafjorden i sommar. Mål for kurset er at dei unge skal få erfare ei mestringskjensle i eit trygt miljø på verkstaden i sommar. Dei skal få utfalde seg, og skape sitt eige kreative uttrykk gjennom å utforske forskjellige teikne- og maleteknikkar, og få prøve ut varierte kvalitetsmaterialar innanfor tegning. På verkstaden kan dei unge få ein kreativ boltreplass, der dei kan få møte andre unge og ha det gøy.

  • Når: Veke 26
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Os barneskule

Friluftslivskule

Prøv ut masse ulike friluftslivsaktivitetar både til lands og til vanns: Kajakk, kano, robåt, segling, tubekøyring med RIB, SUP-brett, bading, rappellering i fjellvegg, bålkurs, spikking, matlaging og overnatting ute - og mykje anna moro.

  • Når: Veke 25 og 26
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Vinnesholmen

​Arrangør: Vidar Øvredal

Osbadet sin sommarskule

Svømmeopplæring i basseng og utandørs i vatn med livredning, matlaging, musikk og rytmer, tur med turvettreglar og klatring i Fjorden arena.

  • Når: Veke 25 og 26
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Os idrettspark

​Arrangør: Os idrettspark KF

Eventyrsommar - ein slags speidarleir

Meistring og grensesprenging gjennom aktivitetar og sosialt samvær. Vi vil ha aktivitetar som segling, kanokantring, lag di eiga t-skjorte, mat på bål, leik, knyting av knutar og kokkekamp.

  • Når: Veke 25 og 26
  • Aldersgruppe: 5.-7. trinn
  • Stad: Ute, rundt omkring sentralt i Os

​Arrangør: 1. Os KFUK/KFUM-speidere

Alle tilbake på banen!

Fotball, handball og annan allsidig idrett. Leik, moro og sosialt samvær.

  • Når: Veke 25 og 26
  • Aldersgruppe: 5.-10. trinn
  • Stad: Nore Neset idrettspark

​Arrangør: Nore Neset IL

Kontakt

Sommarskulen i Bjørnafjorden kommune
Telefon: 916 54 094
Til toppen