Utsett eller tidlegare skulestart

Du kan søke om utsett eller tidlegare skulestart for barnet ditt.

Utsett skulestart

Du kan søke om utsett skulestart for barnet ditt, det vil seie skulestart det året barnet fyller sju år. Barnet ditt har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å begynne på skulen.

Tidlegare skulestart 

Føresette kan òg søke om tidlegare skulestart. For å få tidlegare skulestart må barnet ha fylt fem år før 1. april. Det må i tillegg ligge føre ei sakkunnig vurdering frå PPT, og eit skriftleg samtykke frå barnet sine føresette. 

Som føresett kan du be om uttale frå andre sakkunnige som eit tillegg til PPT si vurdering. Ein slik tilleggsuttale må føresette betale for sjølve. 

Slik går du fram for å søke

Dersom du ønsker å få vurdert om barnet ditt bør utsette eller framskunde skulestarten, må du sende søknad til  kommunen. Send søknaden til
Bjørnafjorden kommune
Oppvekst v/ fagsjef skule
Postboks 24
5649 Eikelandsosen

Dette skjer vidare

Når vi mottar søknaden din, må oppveksteininga i kommunen skaffe nøvendige opplysningar for å avgjere saka. Deretter fattar kommunen eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngiving samtidig med dette vedtaket. Du får alltid med ei grunngiving dersom det er grunn til å tru at du ikkje blir nøgd med avgjerda. Dersom grunngivinga ikkje følgjer med når du mottar vedtaket, kan du ta kontakt med skulen før klagefristen er ute.  

Kommunen skal behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom vi ikkje kan avgjere saka di innan ein månad, skal vi sende deg skriftleg melding om grunnen til at det tar lengre tid. Du skal samtidig få vite når kommunen kan ta avgjerd i saka di.  

 

 

Til toppen