Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Skulefritidsordninga (SFO)

SFO er eit tilbod før og etter skuletid og i nokre skuleferiar for barn i 1. til 4. årstrinn, og for barn med særskilde behov opp til 7. årstrinn. Alle barneskulane i Bjørnafjorden kommune har SFO-tilbod, og dette held fram slik det er i Os og Fusa pr. desember 2019 resten av SFO-året 2019/2020. Felles SFO-vedtekter for Bjørnafjorden kommune skal ut på høyring våren 2020. 

Søk om SFO-plass, endra eller sei opp plass 

 

SFO-tilbod

SFO tilbyr 100 % plass (frå kl. 07.30-16.30.), 80 %, 60 % eller 40 % av heil plass. Nokre skular tilbyr utvida tid, 07.00-07.30. Det er òg mogleg å kjøpa enkeltdag. Ta kontakt med skulen din for å høyra kva tilbod dei har.

SFO har hovudopptak i april for barna som startar på skulen i august, men du kan søkja om plass heile året.

Barnet har plassen i SFO til dei går ut av 4. klasse eller seier han opp. Barn med særskilde behov kan søkja om SFO-plass til og med 7. klasse.

SFO i skuleferiar

Skulefritidsordninga følgjer skuleruta. I feriar er det open SFO ved ein skule på Fusa-sida av fjorden og ein skule på Os-sida, slik at elevar ved dei andre skulane kan nytta dette tilbodet. Skulane har eiga påmelding til ferie-SFO. Betaling for ferie-SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO.

Pris

Prisar for skulefritidsordninga (SFO)
Faktura vert sendt ut kvar månad, med betalingsfrist i slutten av månaden.

Kontakt

Janne Martha Efteland Eik
Til toppen