Skulefritidsordninga (SFO)

SFO er eit tilbod før og etter skuletid og i nokre skuleferiar for barn i 1. til 4. årstrinn, og for barn med særskilde behov opp til 7. årstrinn. Alle barneskulane i Bjørnafjorden kommune har SFO-tilbod. 

Søk om SFO-plass, endra eller sei opp plass 

SFO-tilbod

SFO tilbyr 100 % plass (frå kl. 07.30-16.30.), 80 %, 60 % eller 40 % av heil plass. Nokre skular tilbyr utvida tid, 07.00-07.30. Det er òg mogleg å kjøpa enkeltdag. Ta kontakt med skulen din for å høyra kva tilbod dei har.
SFO har hovudopptak i april for barna som startar på skulen i august, men du kan søkja om plass heile året.

Barnet har plassen i SFO til dei går ut av 4. klasse eller seier han opp. Barn med særskilde behov kan søkja om SFO-plass til og med 7. klasse.

Seia opp eller endra plass

For å seia opp/endra plass, gå inn i søknadsportalen over, vel "Min side" og "Mine plasseringer". Då får du opp kor barnet ditt/barna dine har plass, og kan endra eller seia opp plassen. Det er to månaders oppseiingstid frå den 1. i påfølgande månad for å seia opp eller endra plass i SFO.

SFO i skuleferiar

Skulefritidsordninga følgjer skuleruta. I feriar er det open SFO ved ein skule på Fusa-sida av fjorden og ein skule på Os-sida, slik at elevar ved dei andre skulane kan nytta dette tilbodet. Skulane har eiga påmelding til ferie-SFO. Betaling for ferie-SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO.

Pris

Sjå oversikt over kommunale avgifter, gebyr og prisar.

NB! Eigne prisar gjeld for 1. trinn frå skuleåret 2022/2023.
Faktura blir sendt ut kvar månad, med betalingsfrist i slutten av månaden.

Til toppen