Redusert foreldrebetaling i SFO 1. og 2. trinn

Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1. og 2. trinn tredde i kraft 1. august 2020. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.

I Bjørnafjorden kommune er makspris for heil plass i SFO 2250 kroner. Det vil seie at hushald med samla inntekt under 412 500 kroner kan søke redusert foreldrebetaling i SFO 1. og 2. trinn. 

Søknaden gjeld frå vedtaksdato og til eleven er ferdig med 2. trinn. 

Grunnlaget for vurdering av redusert foreldrebetaling i SFO er hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. 

Her finn du informasjon frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) om ordninga med redusert foreldrebetaling.  

Redusert foreldrebetaling i SFO er regulert i forskrift til opplæringslova kapittel 1B om skulefritidsordninga. I rettleiaren til forskrifta går det fram at skulefritidsordningar som er godkjent etter friskulelova ikkje er omfatta av ordninga. Det betyr at dei som har barn med SFO-plass ved dei tre ikkje-kommunale skulane i Bjørnafjorden (Strandvik Montessoriskule SFO, Hålandsdalen Montessoriskule SFO og Vinnes Friskule SFO) ikkje kan søke eller få innvilga redusert foreldrebetaling i SFO 1. og 2. trinn.  

 

Skjema for å søke redusert foreldrebetaling i SFO 1. og 2. trinn

På siste side av søknaden lastar du opp følgjande dokumentasjon:

  • Gjeldande skattemelding for foreldre som bur saman med barnet. Hugs å sende inn for begge foreldra, dersom begge bur saman med barnet.

  • Gjeldande skattemelding for ektefelle/sambuar til søkar, dersom denne bur i same hushald som barnet.

  • Er inntekta di endra sidan gjeldande skattemelding? I så fall må du òg sende dokumentasjon på dette.
    Døme: tre siste lønsslippar, dokumentasjon på ytingar frå NAV eller studentbevis.

  • Dersom du ikkje har skattemelding, må du legge fram gyldig opphaldsløyve.

Dersom inntekta di blir vesentleg endra i vedtaksperioden, må du sende inn ny søknad med dokumentasjon.

Viktig: 

  • Du må legge ved all dokumentasjon på lista, elles kan vi ikkje behandle søknaden din.
  • Du må merke alle vedlegga med personnummer og med teksten "Søknad om redusert foreldrebetaling i SFO"

Kontakt

Olga Bjørge
Telefon: 412 90 918
Mobil: 412 90 918
Marit Seppola
Telefon: 55 55 33 33
Mobil: 484 05 974
Til toppen