Redusert foreldrebetaling i SFO

Frå 1. august 2021 er reglane for redusert foreldrebetaling i SFO like for elevar på 1.-4. trinn. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.

I Bjørnafjorden kommune er makspris for heil plass i SFO 2295 kroner i månaden. Betaling skal skje forskotsvis. Du får faktura 11 månader i året. I august og juni er det halv betaling, til saman betalar du altså for ti heile månader. Det vil seie at hushald med samla inntekt under 382 500 kroner kan søke redusert foreldrebetaling i SFO.

Søknaden gjeld frå vedtaksdato og til eleven er ferdig med 4. trinn. 

For SFO i haustferien, vinterferien og sommarferien er det eigne prisar. Moderasjonsordninga gjeld ikkje for ferieope SFO.  

Grunnlaget for vurdering av redusert foreldrebetaling i SFO er hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. 

Skal mor og far dele utgiftene til SFO?

Merk at dersom mor og far ber om å få delt faktura for SFO, t.d. 50/50, kan søkar si utgift til SFO bli mindre enn 6 % av den samla inntekta til hushaldet. I så tilfelle har ikkje søkar krav på redusert foreldrebetaling.
Her finn du informasjon frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) om ordninga med redusert foreldrebetaling.  

Redusert foreldrebetaling i SFO er regulert i forskrift til opplæringslova kapittel 1B om skulefritidsordninga. I rettleiaren til forskrifta går det fram at skulefritidsordningar som er godkjent etter friskulelova ikkje er omfatta av ordninga. Det betyr at dei som har barn med SFO-plass ved dei tre ikkje-kommunale skulane i Bjørnafjorden (Strandvik Montessoriskule SFO, Hålandsdalen Montessoriskule SFO og Vinnes Friskule SFO) ikkje kan søke eller få innvilga redusert foreldrebetaling i SFO.

Søk redusert foreldrebetaling i SFO 

På siste side av søknaden lastar du opp følgjande dokumentasjon:

  • Gjeldande skattemelding for foreldre som bur saman med barnet. Hugs å sende inn for begge foreldra, dersom begge bur saman med barnet.

  • Gjeldande skattemelding for ektefelle/sambuar til søkar, dersom denne bur i same hushald som barnet.

  • Er inntekta di endra sidan gjeldande skattemelding? I så fall må du òg sende dokumentasjon på dette.
    Døme: tre siste lønsslippar, dokumentasjon på ytingar frå NAV eller studentbevis.

  • Dersom du ikkje har skattemelding, må du legge fram gyldig opphaldsløyve.

Dersom inntekta di blir vesentleg endra i vedtaksperioden, må du sende inn ny søknad med dokumentasjon.

Viktig: 

  • Du må legge ved all dokumentasjon på lista, elles kan vi ikkje behandle søknaden din.
  • Du må merke alle vedlegga med personnummer og med teksten "Søknad om redusert foreldrebetaling i SFO"

Kontakt

Siri Rådmannsøy
Sosialkurator
Mobil: 94986451
Olga Bjørge
Økonomisk rådgjevar
Telefon: 41290918
Mobil: 41290918
Til toppen