Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Logoped til skulebarn

 Barn med uttale- og/eller språkvanskar kan få hjelp av logoped. 

Bjørnafjorden kommune har logoped for elevar i grunnskulen, frå 1. til 10. klasse. Barn som treng logopedhjelp, får det i skuletida. Dei eldste elevane kan få hjelp etter skuletid, dersom dei ønskjer det.

Slik søkjer du

Søknad om logopedhjelp går vanlegvis via skulen. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og skulane har gode rutinar for samarbeidet. Samarbeid med foreldre blir avtalt i kvart enkelt tilfelle.

Dersom lege tilrår logopedisk behandling, kan foreldre ta direkte kontakt med logoped i Bjørnafjorden kommune. Sjå kontaktinformasjon.

Til toppen