Spesialundervisning Elevar som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Eg lurer på om barnet mitt treng spesialundervisning, kva gjer eg? Ta først kontakt med skulen barnet ditt tilhøyrer. Skulen må vurdere om eleven har tilfredsstillande utbyte av undervisninga, og forsøke ulike tilpassa tiltak. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, viser skulen til Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Årsak for å vise til PPT kan til dømes vere: Mistanke om forseinka utvikling Språk- og kommunikasjonsvanskar Lærevanskar Fagvanskar Vanskar med konsentrasjon og merksemd Åtferdsvanskar Sosiale og emosjonelle vanskar Funksjonshemming PPT gjer deretter ei sakkunnig vurdering, utgreiing og tilråding. Rektor fattar vedtak om spesialundervisning, basert på tilrådinga frå PPT. Lærar utarbeider ein individuell opplæringsplan (IOP) for eleven og skriv halvårsrapport for undervisninga. Oppfølging av spesialundervisninga ved skulane PPT har møte med kvar enkelt skule i september kvart år. Skulefagleg rådgjevar i Bjørnafjorden kommune har årlege møte med kvar enkelt skule, kor vi drøftar kvart enkelt barn som får spesialundervisning og går gjennom individuelle opplæringsplanar og halvårsrapportar. Sist endra20.08.2020 11.40