Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Bjørnafjorden vaksenopplæring

Vaksenopplæringa tilbyr opplæring og prøver for deg som er over 16 år og har behov for grunnskuleopplæring og/eller norskopplæring.

Vi tilbyr følgjande opplæringstilbod:

  • Norskopplæring for vaksne innvandrarar. Vi har kurs på ulike nivå både dag og kveld.
  • Kurs i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar to gonger i året (totalt 50 timar).
  • Eksamensretta grunnskuleopplæring for vaksne.
  • Skuleretta grunnskuleopplæring for vaksne.
  • Spesialundervisning for vaksne.

Vi tilbyr desse prøvene:

  • Norskprøve munnleg og skriftleg for vaksne innvandrarar på nivå A1 - B2.
  • Sammfunnskunnskapsprøva
  • Statsborgarprøva
  • Sentrale skriftlege og lokale munnlege grunnskuleeksamenar.

Bjørnafjorden vaksenopplæring er offentleg godkjent prøvestad. Ta kontakt med oss eller sjå nettsidene våre for prøvetidspunkt.

Ta kontakt med oss i Bjørnafjorden vaksenopplæring for meir informasjon og påmelding. Sjå òg Bjørnafjorden vaksenopplæring sine nettsider.

Til toppen