Begrensa høyring for KDPA Bjørnafjorden Vest

  • Begrensa høyring KDPA Bjørnafjorden vest
  • Merknadsfrist 01.09.2021
  • Arkivsak 19/10091

Utkast til ny arealplan for Os delen av Bjørnafjorden kommune er nå lagt ut til begrensa høyring. Det er ikkje høve til å kome med nye innspel. Bjørnafjorden kommune har gjort dei siste endringane for å kome overordna mynde i møte og få ein plan som kan godkjennast.

Første planutkast låg ute til offentleg ettersyn i 2019. Det kom inn om lag 150 private merknader og 21 offentlege fråsegn, derav kom fem instansar med motsegn til planen. Fylkesmannen kalla inn til dialogmøte i oktober 2019, men partane vart ikkje samde om noko løysing på møte.

Vår 2020 gikk PBU igjennom alle innkomne private innspel og offentlege fråsegn og motsegn. Arealreservane i planen var eit stort tema i møte med overordna mynde. Fylkesmannen (nå Statsforvalter) har vore tydeleg på at eldre bustadareal som ikkje er realisert får negativ konsekvens på arealreknskapet og hindrar for høve til å vedta nye areal som følgjer opp vedtak om nullvekst og fortetting i vekstsonar med naudsynt infrastruktur.

Det skal ikkje ligge inne meir areal enn det som er planlagt bygd ut i løpet av planperioden. Arealplanen skal rullerast fortløpande. Områder som ikkje vert vidareført i denne rulleringa, kan difor takast inn igjen når dei er klar for utbygging. 

Eventuelle merknader til planen kan sendast til post@bjornafjorden.kommune.no innan 01.09.2021.

Ønsker du å ringe eller avtale eit møte med plan, er dette enklast mellom 12.30 og 14.30, mandag, onsdag eller torsdag. Du kan avtale møte via kommunen sine nettsider.

Du kan også gå inn på kommunen sin kartportal for å studere det nye utkastet til arealplan. Velg kartlag "Revisjon_2021".

Øvrige dokument i saka finn du her