Innsynsrett og klagerett

I mange saker kan du lese saksdokumenta her på nettsida . Dette gjeld likevel ikkje dokument underlagde teieplikt eller som av omsyn til personvernet er unntatt frå innsyn.

Du har som hovudregel innsynsrett i alle dokument som ligg til grunn for vedtak som vedkjem deg. Ugraderte dokument kan du søke etter i innsynsløysninga her på nettsida. Om du ønskjer å lese eller få kopi av graderte saksdokument som gjeld deg, kan du bruke dette skjemaet.

Klagefrist

Klagefrist for enkeltvedtak er tre veker frå det tidspunkt du fekk melding om vedtaket. Brevet med klagen må vere postlagt eller innlevert innan klagefristen.

I klagen skriv du:

  • Kva enkeltvedtak du klagar på
  • Kva vil du ha endra
  • Grunngiving for kvifor du ønskjer enkeltvedtaket endra
  • Andre relevante opplysningar for saka

Om du treng hjelp med å formulere klage, eller av andre grunnar treng hjelp, kan du kontakte oss.

Send klage på enkeltvedtak

Instansen i kommunen som har gjort vedtaket skal så snart som mogleg vurdere vedtaket på nytt. Dersom dei som har gjort vedtaket (førsteinstansen) ikkje finn å kunna omgjere eller endre vedtaket, skal klagen sendast vidare til rett klageorgan.

For saker etter kommunehelselova, sosialomsorgslova, alkohollova og plan- og bygningslova er statsforvaltaren klageorgan. For andre saker er formannskapet som hovudregel klageorgan.

Sakskostnader i klagesaker

Dersom eit vedtak blir endra til fordel for klagaren, har han eller ho rett til å få dekka vesentlege sakskostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Sjå lovgrunnlag

Klage til Sivilombodsmannen  

Alle som meiner at dei har vore utsette for urett frå offentlege forvaltningsorgan, kan klage til ombodsmannen. Klagen må vere sett fram innan eitt år frå vedtaket blir gjort. Les meir om dette på Sivilombodsmannen sine nettsider.