Endring av detaljregulering for Djupedalen, Haugland

I samsvar med plan- og bygninglova § 12-12 kunngjer Bjørnafjorden kommune at endring av reguleringsplan for Djupedalen, Haugland er vedteken.

Klikk for stort bilete

Endring etter forenkla prosess
Endringa går ut på å endre utnyttingsgrad i plankart og føresegner, justere ei tomtegrense og endre delar av eit ope parkeringsareal til overbygd carport. Føresegnene er elles justert på fleire punkt. Sjå elles saksutgreiing og vedtak som vedlegg under.

Vedtaket er gjort med heimel i pbl § 12-14, andre ledd, og reglement for delegering av mynde for Bjørnafjorden kommune, jf. kommunelova § 23 nr 4.

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 17.09.20. Klage merkast med saksnummer 20/8712 og sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Dokument i saka:

- Vedtak om endring etter forenkla prosess (DOCX, 475 kB)

- Plankart (PDF, 278 kB)

- Føresegner (PDF, 2 MB)

- Søknad (PDF, 60 kB)

 

 

Til toppen