Endring av reguleringsplan for Moldhusbakkane, Nore Neset ungdomsskule

Klikk for stort bilete

  • Endring av reguleringsplan for Moldhusbakkane
  • Merknadsfrist: 26.07.2021
  • Arkivsak: 21/3514

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 vert det med dette varsla om endring av detaljregulering for Moldhusbakkane, Nore Neset Ungdomsskule, Bjørnafjorden kommune. Endringa vert handsama som ein forenkla planendring i tråd med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement. 

Føremålet med endring av reguleringsplanen er å etablere ny fleirbrukshall i området idrettsføremål. 

Merknader

Frist for uttale til endring av planen er sett til 26.07.2021. 
Uttalar skal sendast skriftleg til:
Nore Neset Idrettslag 
Skeismyra 8, 5217 Hagavik eller e-post: dagligleder@nnil.no 

Til toppen