Endring av vedtekter lagt ut til offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Tenesteutvalet vedtok i møte 21. oktober 2020 å legge endring av vedtekter for samordna opptak i barnehagane i Bjørnafjorden kommune ut til offentleg ettersyn.

Samandrag av saka

Bjørnafjorden kommune ynskjer å innføre eit overflyttingsopptak før hovudopptaket 1. mars, for å kunne få meir oversikt over ledig kapasitet i dei ulike barnehagane og for å korte ned prosessen i hovudopptaket. Overflyttingsopptaket er for dei barna som allereie har ein barnehageplass, men som ønsker å flytte til anna barnehage. Slik det er i dag tar opptaket unødig lang tid pga. at det er mange barn som ynskjer å skifte barnehage. Noko av dette kunne vore rydda vekk i forkant med eit overflyttingsopptak.

Her kan du lese dokumenta i saka.  

Har du innspel eller merknader? Fyll ut og send inn elektronisk skjema for høyringsuttale. Høyringsfristen er 17. november.

Til toppen