Godkjenning av detaljregulering for fv.121 v Søre Fusa skule, Baldersheim

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har kommunestyret i Bjørnafjorden godkjend detaljregulering for Fv.121 ved Søre Fusa skule på Baldersheim, 16.06.2020.  

Klikk for stort bileteUtsnitt frå plankart. 

Planen legg mellom anna opp til betre løysingar kring trafikkavikling og kollektivtransport ved skulen. Alle dokument er tilgjengelege under.

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innanfor planområdet, jf.pbl § 12-4.

Vedtaket kan påklagast jamfør pbl. § 1-9. Klagefrist: 17.09.2020. Eventuell klage kan merkast med saksnummer 20/11239 og sendast til post@bjornafjorden.kommune.no.

Saksdokument:

- Saksutgreiing og vedtak (PDF, 720 kB)

- Plankart - Detaljregulering for fv 121 ved skulen på Baldersheim, (PDF, 10 MB)

- Føresegner - Detaljregulering fv 121 ved skulen på Baldersheim (PDF, 307 kB)

- Planomtale og ROS-analyse - Detaljregulering for fv 121 ved skulen på Baldersheim (PDF, 18 MB)

Til toppen