Godkjenning av Områdeplan for Eikelandsosen

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12, 12-1, 12-2 og 1-5, har kommunestyret i Bjørnafjorden 18.02.2020 godkjend områderegulering for Eikelandsosen sentrum.

Klikk for stort bileteUtsnitt frå plankart: Områdeplan for Eikelandsosen  

I vedtaket heiter det at kommunestyret ber administrasjonen om å gjennomføra flaumkartlegging for eit byggjeområde ved Skjelbreidvatnet(BFS56), og tilføra mindre endringar i planen kring dette i etterkant. Dette arbeidet vil ein starta snarleg.

Planen legg mellom anna til rette for fortetting i eksisterande bustadområde, nytt bustadområde og næringsareal på Tollaneset i sentrum, ny sentral hovudgate på Leiro, båthamn og relokalisert kollektivterminal ved vidaregåande skule. Planen sikrar òg areal til tursti og rekreasjonsområde langs elv og sjø, samt utbetring av vegstrekningar, gangtraséar og utviding av eksisterande næringsareal på Eikelandsheiane.

Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan påklagast, jf. pbl § 1-9.

Sjå vedtak og alle plandokument her:

Kommunestyrevedtak - 18.02 (PDF, 2 MB)

Kartutsnitt - BFS56. (PDF, 241 kB)

Plankart - Områdeplan for Eikelandsosen - 07.11 (PDF, 14 MB)

Føresegner Eikelandsosen - revidert 07 (PDF, 830 kB)

Planomtale - Områdeplan for Eikelandsosen - 20.12.2018 - revidert 07 (PDF, 14 MB)

Kart - Omsynssoner - Områdeplan for Eikelandsosen (PDF, 11 MB)

Konsekvensutgreiing(KU) - Områdeplan for Eikelandsosen 20.12.2018 - Revidert 28 (PDF, 11 MB)

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) - Områdeplan for Eikelandsosen 07 (PDF, 8 MB)

Trafikkvurdering - Stallabrotet 30.11.2019. (PDF, 4 MB)

Skredfarevurdering (PDF, 2 MB)

Kommentar frå kommunegeologen - mogleg marin leire (PDF, 7 MB)

Flaumsonekartlegging Lundarvikselva og Koldalselva 07.11 (PDF, 8 MB)

Illustrasjonsplan - heile planområdet - områdeplan Eikelandsosen (PDF, 9 MB)

Skisseplan 1 - Områdeplan for Eikelandsosen (PDF, 4 MB)

Skisseplan 2 - Områdeplan for Eikelandsosen (PDF, 4 MB)

Planprogram - Områdeplan for Eikelandsosen 2018. (PDF, 2 MB)

Endringar, medverknad og høyring:

Endringslogg etter høyring - 28.08.2019. (PDF, 7 MB)

Tillegg til endringslogg etter høyring 06.09.2019. (PDF, 243 kB)

Merknadskjema - Private innspel - etter høyring (PDF, 6 MB)

Merknadskjema - Høyringsinstansar - etter høyring (PDF, 905 kB)

Fylkesmannen i Vestland - Fråsegn - Uttale etter dialogmøte (PDF, 329 kB)

NVE - Trekking av motsegn (PDF, 567 kB)

 

Klager

Eventuelle klager på vedtaket merkast med saksnr. 20/1115 og sendast til Bjørnafjorden kommune innan 29. Juni

E-post: post@bjornafjorden.kommune.no

Brev: Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Til toppen