GODKJENT DETALJREGULERINGSPLAN FOR HJELLE B2, 61/104, 230 M. FL

Klikk for stort bilete

  • Vedtak av detaljreguleringsplan for Hjelle B2, 61/104, 230 m.fl.
  • Frist for å klage: 15.08.2020
  • Arkivsak: 19/10248

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningsloven har kommunestyret i Bjørnafjorden i møte den 12.05.2020, sak 35/2020, godkjent detaljreguleringsplan for Hjelle B2, 61/104, 230 m.fl.

Planen legg til rette for konsentrerte bustader i form av rekkehus og vertikal- og horisontaldelte fleirmannsbustader, felles renovasjonsplass, veg og fortau, felles leikeområde og gangveg ned til den nye skulen på Hjelle.

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innan planområdet, jf. § 12-4 i plan- og bygningsloven.

Frist for å klage på vedtaket er 15.08.2020

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningsloven. Det blir elles vist til § 12-12 i plan- og bygningsloven.

Eventuell klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg og vis til saksnummeret 19/10248.

Dokument i saka finn du her.

Til toppen