Har du innspel til handlingsplan for Bjørnafjorden ungdomsråd?

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz /Bjørnafjorden kommune Bjørnafjorden ungdomsråd ønskjer å få fram kva som er dei viktige sakene for ungdom i Bjørnafjorden. Då treng dei hjelp og innspel frå ungdomsmiljøet og elevråda. Forslag til handlingsplan er no lagt ut på høyring.

Ungdomsrådet har delt eit utkast til handlingsplan inn i sju tema:

  • Kulturtilbod
  • Offentleg kommunikasjon
  • Trygge ungdomsmiljø
  • Trygge liv
  • Førebyggande helsetenester
  • Klima og miljø
  • Undervisning

Sjå heile planforslaget her (PDF, 142 kB)

Kva er viktige saker for deg og ditt miljø?

Er det ting du meiner ikkje kjem fram i planforslaget og som bør ha prioritet i den nye kommunen?

Slik gir du tilbakemelding

Har du innspel til andre tema, tiltak og satsingar ønskjer ungdomsrådet å få skriftlege innspel innan 23. oktober til post@bjornafjorden.kommune.no.

Skriv i emnefeltet: «Høyring for handlingsplan for ungdomsrådet – sak 20/6026».

Kontakt

Erik Vangsnes
Kultursjef
Mobil: 472 77 146
Til toppen