Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Høyring av reguleringsplan for Vågshaugen sør 48/30, 48/77 m.fl.

Klikk for stort bilete

  • Høyring av framlegg til reguleringsplan
  • Frist for å sende inn merknad: 21.04.2020
  • Arkivsak: 20/1388 

I samsvar med plan- og bygningloven §§ 12-10 og 10-11 vert framlegg til detaljreguleringsplan for Vågshaugen sør, eigedom 48/30, 48/77 m.fl. lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Planen opnar for bygging av 24 nye bustadeiningar i form av konsentrert og frittliggande småhus. Planområdet er om lag 12,3 daa og omfattar òg intern infrastruktur og leikeareal.

Merknadsfrist

Dersom du har merknader til saka må dette sendast til post@bjornafjorden.kommune.no innan 21.04.2020

Dokument i saka finn du her.

Til toppen