Høyring: Framlegg til barnehage- og skulerute 2022/2023

Framlegget til barnehage- og skulerute for grunnskulen i Bjørnafjorden kommune skuleåret 2022–2023 er klart, og blir med dette sendt ut på høyring.

Skuleruta for grunnskulen skal utformast som lokal forskrift, jf. opplæringslova §2-2.
Høyringspartar er grunnskulane i Bjørnafjorden kommune, organisasjonane og skulane sine rådsorgan, representert ved FAU og SU. Vi sender òg til barnehagane og deira organisasjonar og rådsorgan.

Vi ber om at skulane og barnehagane vidareformidlar framlegget til medlemmane i barnehagen eller skulen sine rådsorgan, til dømes ved å dele lenka til denne artikkelen.

Andre som ønskjer det kan òg uttale seg om framlegget. 

Framlegg til barnehage- og skulerute for Bjørnafjorden kommune 2022-2023

Framlegg til barnehage- og skulerute for Bjørnafjorden kommune 2022-2023
August 2022 . SFO
1.8–5.8 og 8.8–12.8 Ferie-SFO
11.8 Utviklingsdag for skulane. Elevane har fri Ferie-SFO
12. og 15.8 Utviklingsdag. Elevane har fri, barnehagane er stengde Ferie-SFO 12.8, ikkje 15.8
16.8 Første skuledag
Oktober 2022
10.10–14.10 Haustferie for skulane. Barnehagane er opne Ferie-SFO
November 2022
4.11 Utviklingsdag. Elevane har fri, barnehagane er stengde SFO stengt
Desember 2022
21.12–30.12 Juleferie for skulane. For opningstid i barnehagane, sjå vedtektene* SFO stengt
Januar 2023
2.1 Utviklingsdag. Elevane har fri, barnehagane er stengde SFO stengt
Februar-mars 2023
27.2 –3.3 Vinterferie for skulane. Barnehagane er opne Ferie-SFO
April 2023
3.4–10.4 Påskeferie for skulane. For opningstid i barnehagane, sjå vedtektene* SFO stengt
Mai 2023
1.5 Arbeidarane sin dag. Offentleg høgtidsdag. Skulane og barnehagane er stengde SFO stengt
17.5 Grunnlovsdag. Offentleg høgtidsdag. Skulane og barnehagane er stengde SFO stengt
18.5 Kristi Himmelfartsdag. Offentleg høgtidsdag. Skulane og barnehagane er stengde SFO stengt
19.5 Utviklingsdag. Elevane har fri, barnehagane er stengde SFO stengt
29.5 2. pinsedag. Offentleg høgtidsdag. Skulane og barnehagane er stengde
Juni 2023
20.6 Siste skuledag
21.6-23.6 og 26.-27.6 Ferie-SFO

*Sjå vedtekter for kommunale barnehagar i Bjørnafjorden kommune (PDF, 411 kB)

Slik sender du høyringsinspel og merknadar

Alle innspel og merknadar skal leverast elektronisk, via dette skjemaet:

Send høyringsinnspel 

Høyringsfrist: 1. desember 2021.

Har du spørsmål til framlegget?  

Ta kontakt med fagsjef skule, Janne Martha Efteland Eik på telefon 93 40 59 78 eller send e-post

Kor mange barnehage- og skuledagar er det i 2022/2023?

Månad

Kor mange skule- og barnehagedagar

August

12

September

22

Oktober

16

November

21

Desember

14

Januar

21

Februar

18

Mars

20

April

14

Mai

18

Juni

14

Totalt

190

Til toppen