Høyring og offentleg ettersyn: Områdeplan for Strandvik

Plan- og bygningsutvalet(PBU) gjorde vedtak om å leggja områdeplan for Strandvik ut til høyring og offentleg ettersyn 18.06.2020, men heimel i pbl.§§ 12-1, 12,2, 12-10 og 12-14. Høyringsfrist er 6 + 4 veker grunna fellesferien. Høyringsfrist 10.september.

Vi ønskjer innbyggjarane sine innspel og tilbakemeldingar på planen slik den no ligg føre - ta gjerne kontakt om det er noko de ønskjer å drøfte.

 Klikk for stort biletePlankart (høyringsdokument) - Områdeplan for Strandvik. 

Planområdet er på om lag 463 daa, og planarbeidet bygger på planprogrammet som vart vedteke i 2019. Det kom inn 28 merknadar og uttalar frå private og offentlege instansar til planprogrammet - og desse ligg til grunn for planframlegget slik det no er lagt fram.

Planen fokuserer på å avklara og leggja til rette for framtidig utvikling av Strandvik Sentrum. Det er fokus på bustader, sentrumsområde, landbruk, parkering, ny gravplass, grav- og urnelund samt utviding av skuleområde. Elles er det planlagt for gangvegar, fortau og grønstruktur og betre tilgjenge til elva og til sjø, samt oppdatert eksisterande reguleringsplanar.

Alle dokument i saka kan sjåast her:

Til toppen