Høyring: Søknad om arealendring for oppdrettsanlegg

AS Bolaks har søkt om løyve til arealendring i anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet 33337 Lyngsnes i Bjørnafjorden kommune. Høyringsfrist: 01.10.2020.

Klikk for stort bilete 

Anlegget vil vera plassert innafor areal sett av til akvakultur i arealdelen. Godkjent anlegg består av seks merdar med omkrets på 160 meter fordelt på to rekkjer – og ein søkjer no om å plassere to merdar til på lokaliteten slik at ein har ekstra plass til å plassere fisk ved sortering eller behandling. Det vert ikkje søkt om auke i biomasse, og produksjonskapasiteten ved anlegget vert uendra.

Vestland Fylkeskommune er myndighet i saka, og deira vurdering er at miljødokumentasjonen i saka gjev tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om tiltaket får vesentleg verknad for miljø og samfunn, jf. Vedlegg III i forskrift om konsekvensutgreiing.

Bjørnafjorden kommune har motteke søknaden til uttale, og vil sende over alle inkomne merknader saman med sin uttale etter høyringsperioden. Dersom du ønskjer å uttale deg i saka, kan uttale sendast til post@bjornafjorden.kommune.no, og merkast med saksnr. 20/14756. Høyringsfrist: 01.10.2020.

Relevante dokument:

- Vestland Fylkeskommune: Oversending av søknad om arealendring i anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure (lok.33337) (PDF, 157 kB)

- Søknadsskjema for akvakultur i flytende anlegg,Lyngnes (PDF, 952 kB)

- Kart, eksisterande anlegg + utviding (PDF, 761 kB)

- Rapport: Fortøyningsanalyse (PDF, 6 MB)

- Vedtak om løyve for eksisterande anlegg - 2018 (PDF, 938 kB)

Til toppen