Høyring: Søknad om løyve til oppdrett

Benchmark Genetics Norway AS(BGN) har søkt om løyve til oppdrett av storsmolt av laks på lokalitet 12141, Lønningdal II, der det no er løyve HO 14 og 15 for rensefisk - denne produksjonen er no avslutta. Sjå søknad/følgjeskriv i vedlegg for ytterlegare informasjon.

Klikk for stort bilete

- Rapport - Rådgivende biologer, dokumentasjonsvedlegg (PDF, 2 MB)

- Følgjeskriv til søknad (PDF, 2 MB)

- Rapport - Rådgivende biologer, miljøovervaking (2016) (PDF, 3 MB)

- Planteikning (PDF, 177 kB)

- Produksjonsplan (PDF, 32 kB)

- Søknadsskjema (PDF, 865 kB)

Vestland Fylkeskommune er myndigheit i saka, og deira vurdering er at miljødokumentasjonen i saka gjev tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om tiltaket får vesentleg verknad for miljø og samfunn, jf. vedlegg III i forskrift om konsekvensutgreiing.

Bjørnafjorden kommune har fått søknaden til uttale, og vil sende over alle inkomne merknader saman med sin uttale etter høyringsperioden. Dersom du ønskjer å uttale deg i saka, kan denne sendast til post@bjornafjorden.kommune.no og merkast med saksnr. 20/13727 .

Høyringsfrist er sett til 22.09.2020.

Til toppen