Informasjon om nye gebyr for private avløpsanlegg i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune Kommunestyret i Bjørnafjorden vedtok nye betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune 15. desember 2020.

Sjå oversikt over betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune 2021
Det er endringar i gebyret for avløp og slamtømming. Difor har vi sendt deg og alle andre innbyggarar i Bjørnafjorden kommune med privat avløpsanlegg ein SMS med varsel om dette.

For privat avløpsanlegg som ikkje er tilknytt offentleg nett (gruppe 1):

Gebyr for tilsyn av privat anlegg på kr 500,- per bueining. Dette gebyret blir sendt til alle bueiningar i kommunen som har eit registrert privat avløpsanlegg. Mange anlegg i Bjørnafjorden kommune følgjer ikkje dei nye krava til reinsegrad og storleik. Dersom ditt anlegg ikkje overheld dagens krav, vil du få eit eige brev om dette.

Gebyret er oppretta for at kommunen skal kunne møte krava i vassforskrifta, sjå brev frå regjeringa.

Utdrag:

«Kommunene skal kartlegge og følge opp utslipp fra avløpsanlegg som de er myndighet for (alle avløpsanlegg etter kapittel 12 og 13 i forurensningsforskriften). Kommunen skal gi pålegg om tiltak for anlegg som ikke overholder rensekrav gitt i tillatelser etter 1.1.2007, samt sette i verk tiltak for å sørge for at utslipp etablert før 1.1.2007 blir renset i tråd med rensekravene i forurensingsforskriftens kapittel 12 og 13.

Målsettingen skal være at alle anleggene i den enkelte kommune oppfyller forurensingsforskriftens rensekrav slik at miljømålene etter vannforskriften kan nås innen 2027, og senest innen 2033.»

For privat avløpsanlegg tilknytt offentleg nett (gruppe 2):

Gebyr på kr 1500,- eks. mva. Dette gebyret er nytt og går til drifta av det kommunale leidningsnettet.

Gebyret kjem i tillegg til slamtømmingsgebyret. Private anlegg som er tilknytt offentleg nett vil ikkje få gebyr for tilsyn.

Felles for alle med privat avløpsanlegg (gruppe 1 + 2):

Kommunen er ansvarleg for slamtømming av reinseanlegga i kommunen. Sjå tømmefrekvens for dei ulike reinseanlegga:

  • Minireinseanlegg: kvart år for bustad og annakvart år for fritidsbustad
  • Større avløpsanlegg: kvart år eller annakvart år
  • Mindre slamavskiljar: annakvart år for bustad og kvart fjerde år for fritidsbustad
  • Tett tank: kvart år

Tømmefrekvens

Kommunen kan endre tømmefrekvensen på anlegget basert på storleik og talet på tilknytta anlegg. Frekvensen kan også bli endra ved spesifikasjonar om tømmefrekvens gitt i teknisk godkjenning/datablad for reinseanlegg eller i dimensjoneringsdokumentasjonen for større anlegg.

Tømminga blir gjennomført av Norva24 som har rammeavtale med kommunen. Dei sender ut varsel på SMS og/eller e-post til tinglyst eigar av bygget 1-2 veker før tømming.

Tilleggsgebyr dersom tømming ikkje kan gjennomførast/feil og avvik

Dersom anlegget ikkje er klargjort til tømminga skal finne stad slik at Norva24 ikkje får tømt, vil eigar få brev om at ny tømming vil bli bestilt og eit tilleggsgebyr vil bli lagt til.

For å sjå tømmefrekvensen anlegget ditt har i dag, klikk på denne lenka og skriv inn gnr/bnr:

Dersom Norva24 ikkje får tømt anlegget på grunn av feil eller avvik, vil det bli lagt til eit ekstragebyr for tømming. Gebyret vil variere etter kva slags avvik som er funne.

Hugs dovettreglane!

Berre tiss, bæsj og dopair skal i avløpet - ikkje tampongar, våtserviettar eller anna avfall.

Dersom du kastar slike ting i avløpet, kan det bli vanskeleg å tømme. Slammet som blir tømt og henta inn skal i følgje regelverket i gjødselsforskrifta deponerast på ein spesiell måte. Dette er ikkje mogleg dersom det ligg framande objekt i avløpsvatnet/slammet.
I slike tilfelle kan vi gi eit ekstragebyr for tømming, fordi vi då har behov for annan slamtømmingsbil og andre krav til deponering.

For meir informasjon, sjå dovett.no

Har vi feil informasjon om eigendomen din?

Dersom vi har registrert feil informasjon om eigedomen din, ber vi deg om å sende oss eit kart som viser kor den private leidningen din går. Kart og anna dokumentasjon kan du sende på e-post til mbkj@bjornafjorden.kommune.no.

Har du spørsmål?

Send e-post til kommunalegebyr@bjornafjorden.kommune.no

Til toppen