Kunngjering av vedteken endring for Hegglandsdalsvegen, Vallabrua

Klikk for stort bilete

  • Vedteken endring av reguleringsplan for Hegglandsdalsvegen, Vallabrua
  • Frist for å klage: 25.11.20
  • Arkivsak: 20/2526

Planområdet

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova har kommunestyret i Bjørnafjorden i møte den 27.10.2020, sak 145/2020,  godkjent endring av reguleringsplan for Hegglandsdalsvegen, Vallabrua. 

Gjeldande reguleringsplan vert endra for å sikre tilstrekkeleg areal til vegutviding, riggområde og midlertidig bru ved Vallabrua. Tiltaket er eit av fleire for å sikre trygg skuleveg til Borgafjellet skule og betre tilhøve for mjuke trafikantar i området elles.

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 25.11.20. Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg å vise til saksnr 20/2526.

Dokument i saka finn du her

Til toppen