Kunngjering av vedteken plan for Holdhus

Klikk for stort bilete

  • Kunngjering av vedteken plan for Holdhus, 148/1
  • Frist for å klage: 06.11.20
  • Arkivsak: 20/3022

Planområdet

Saka gjeld endeleg vedtak etter pbl § 12-12, av forslag til detaljregulering av tidligare Fusa
kommune sitt planinitiativ, detaljregulering for Fv 5110, parkering og anlegg på Holdhus. Planen sitt formål er utviding av veg og fortau/ gangveg frå skule og idrettsanlegget til avkøyring til Hålandsdalen leirskule, utviding av parkeringsplass ved skulen, og ny parkering med buss-snuplass og toalettbygg til Holdhus gamle kyrkje.

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 06.11.20. Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg å vise til saksnr 20/3022.

Dokument i saka finn du her

Til toppen