Kunngjering av vedteken planendring- Haugsbråto, Solstrand 63/12, 63/374. 63/447 m.fl

Klikk for stort bilete

  • Kunngjering av vedteken planendring- Haugsbråto, Solstrand
  • Frist for klage: 24.04.2020
  • Arkivsak: 20/1458

Planområdet
I samsvar med plan- og bygninglova § 12-12 kunngjer Bjørnafjorden kommune at endring av reguleringsplan for Haugsbråto, Solstrand, er vedteken. Endringa går ut på å presisere i plankart og føresegner at det kan byggast parkeringshus i bakkant av hotellbygninga. Hensikta med planendringa er å rydde opp i parkeringstilhøva på hotellet si eigedom ved å erstatte mykje av dagens parkeringsplassart på bakken med eit parkeringshus. 


Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 24.04.2020. Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no, ver venleg å vise til saksnr: 20/1458.

Dokument i saka finn du her. 

Til toppen