Kunngjering: Behandling av budsjettframlegget

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Bjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjettet for 2021 og økonomiplanen 2021-2024 inkl. gebyr- og prisliste for 2021, blir lagt ut til offentleg ettersyn på bjornafjorden.kommune.no frå 1. desember 2020, etter møtet til formannskapet. 

Sjå òg kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett.

Her kan du lese budsjettframlegga frå dei politiske partia:
Budsjettframlegg frå Ap, Sp. MDG og KrF (PDF, 7 MB)

Budsjettframlegg frå Frp og Høgre (PDF, 7 MB)

Budsjettframlegg frå Magne Djuvik, Uavhengig (PDF, 130 kB)

Budsjettframlegg frå SV (PDF, 435 kB)

Budsjettframlegget frå Ap, Sp, MDG og KrF fekk fleirtal med fem røyster, og går som innstilling frå formannskapet til kommunestyret. 

Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 15.12.2020.
Har du merknader til budsjettframlegget?  
Fyll ut det digitale høyringsskjemaet du finn på bjornafjorden.kommune.no/uttale, eller send merknader på e-post til post@bjornafjorden.kommune.no Merk med saksnummer 20/14329.

Frist for å sende inn merknad er 14. desember 2020.

Til toppen