Ny vurdering av kvalifikasjonar i samband med klage på konkurransen om nytt parkeringsanlegg

Klikk for stort bileteBjørnafjorden kommune har gjort ei ny kvalifikasjonsvurdering etter Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) si avgjerd i sak 2020/607 om kommunen si kvalifikasjonsvurdering av Åsane Byggmesterforretning AS («ÅBF») og Donar AS.

Kommunen gjort ei ny vurdering av om den opphavlege konklusjonen var i tråd med regelverket. KOFA sine utsegner om tolkninga av dei aktuelle kvalifikasjonskrava er vektlagde i vurderinga.

Resultatet av den nye vurderinga: 

Donar AS er avvist frå konkurransen på grunn av manglande oppfylling av kvalifikasjonskravet om miljøleiingssystem. Bjørnafjorden kommune ser at den opphavlege vurderinga av Donar sitt miljøleiingssystem ikkje har vore grundig nok, mellom anna er det ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle kravet at Donar har lagt fram dokumentasjon for underleverandøren sitt miljøleiingssystem.

Vidare har kommunen konkludert med at ÅBF sitt kvalitetssikringssystem oppfyller kvalifikasjonskravet om tilfredsstillande kvalitetssikringssystem. Det er dermed ikkje grunnlag for å avvise ÅBF eller gjere om på avgjerda om tildeling i konkurransen.

Saman med den nye kvalifikasjonsvurderinga av ÅBF sitt kvalitetssikringssystem, har Bjørnafjorden kommune vurdert om ÅBF sitt kvalitetssikringssystem inneber ei kvalitetssikring likeverdig ISO 9001:2008.

Som del av denne vurderinga har kommunen fått uavhengig råd frå ein ekstern konsulent med ekspertise innan sertifisering av kvalitetssikringssystem, mellom anna ISO-sertifiseringar. Konsulenten har konkludert med at ÅBF sitt kvalitetssikringssystem ikkje er identisk med ISO 9001:2008. Det har ein annan struktur, men når samla sett terskelen for eit likeverdig system.

Basert på eksterne råd og kommunen si nye kvalifikasjonsvurdering, har Bjørnafjorden kommune konkludert med at ÅBF oppfyller kvalifikasjonskravet. Denne vurderinga er no gjennomført i samsvar med tolkninga som KOFA har lagt til grunn. Innkjøpsavdelinga i Bjørnafjorden kommune har òg bidratt med si faglege vurdering. 

Kontakt

Frankie Endre Taule Gindl
Prosjektleiar
Mobil: 481 86 392
Til toppen