Nye prisar for omsorgstenester frå 1. januar 2021

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Det er nye prisar for heimetenester (heimehjelp, tryggleiksalarm, osb.) og opphald i institusjon, og nokre av reglane som er knytt til dei.

Pris på heimetenestene er knytt til kor stor inntekt du har, og er delt inn i fire prisgrupper.
Dersom du har 4 timar eller mindre heimehjelp i månaden, betaler du etter timepris. Dersom du har heimehjelp i meir enn 4 timar i månaden, betaler du ein fast månadspris dersom dette lønner seg for deg.

Prisar for heimetenester 2021

( G = Folketrygda sitt grunnbeløp)

Prisgruppe

Netto årsinntekt

Pris per månad (meir enn 4 timar/mnd.)

Pris per time (maks. 4 timar/mnd.)

Under 2 G

Under 202.702

        210,-

      

2 – 3 G

202.703 – 304.053

               900,-

               230,-

3 – 4 G

304.054 – 405.404

            1 620,-

               420,-

Over 4 G

405.405-

            2 340,-

               520,-

 

 

 

 

 

 

 

 

For å rekne ut prisen du skal betale, tar vi utgangspunkt i husstanden si netto inntekt før skatt på sist tilgjengelege likning, pluss eventuell stønad til hjelp i heimen.

Med husstanden si nettoinntekt før skatt meiner vi samla inntekt før særfrådrag for ektefelle/sambuar og eventuelle barn under 18 år. Dette må ikkje forvekslast med netto inntekt etter skatt.
Dersom du tener under kr 202.702,- i året, betaler du maksimalt  kr 210,-  i månaden for heimetenester.

Har inntekta di endra seg sidan 2019?

Då kan det hende at du skal betale ein annan pris for tenestene.
Gi oss beskjed på telefon 56 57 50 00 eller send eit brev til Bjørnafjorden kommune, Avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Pris for tryggleiksalarm

kr 260,- per månad.

Opphald i institusjon

  • Korttidsopphald i institusjon, inntil 60 døgn i året: kr 175,- per døgn.
  • Korttidsopphald i institusjon, over 60 døgn i året: vert rekna etter inntekt, eigne reglar gjeld.
  • Dagsenter utanfor institusjon: kr 132,- per dag eller natt.

Viktig informasjon

  • Abonnementet går til du seier det opp munnleg eller skriftleg.
  • Du må melde frå i god tid dersom du skal reise bort og ikkje treng heimehjelp, gjerne 14 dagar før. Dersom du ikkje melder frå i tide, må du betale for tenesta.
  • Vi trekker frå for fråvær på neste rekning. Du skal ikkje sjølv endre på rekninga for den månaden fråværet gjeld.
  • Du får automatisk betalingsfritak dersom du blir innlagt på sjukehus eller sjukeheim.

Rekninga blir sendt ut på etterskot kvar månad og har forfallsdato den 25.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt på telefon 56 57 55 00.

Til toppen