Offentleg ettersyn: Søknad om løyve for oppdrett av settefisk i Selvågpollen, Strøno

Klikk for stort bilete

  • Offentleg ettersyn: Strønegylta AS, søknad om løyve til oppdrett av settefisk av Berggylt, lokalitet Selvågpollen
  • Merknadsfrist: 21.05.2021
  • Arkivsak: 21/2578

Søknaden gjeld eit mindre anlegg i lukka presenningsposar med naturleg kultivering av zooplankton. Selskapet sin intensjon er å drive oppdrett av foringsklare larver fram til 2 – 5 grams yngel, med vidare distribusjon til aktuelle påvekstanlegg. Det vert søkt om løyve til oppdrett av inntil 1.000.000 stykk berggyltyngel, med inntil 8 kultiveringsposar i PEH-ringar med inntaksvatn filtrert igjenom hjulfilter og passiv filtrering av vatn i botn av posane. Posane har diameter og djupne på 5x5 meter.

 

Merknadsfrist

Dersom du har merknader til saka kan desse sendast til post@bjornafjorden.kommune.no innan 21.05.2021.

Dokument i saka finn du her 

Til toppen