Oppgradering og flytting av oppdrettsanlegg

Bolaks AS har søkt om å få oppgradere og forflytte sitt produksjonsanlegg for matfisk i Håvikvågen.

Bjørnafjorden kommune har motteke og gjeve si uttale til søknaden frå oppdrettsselskapet, Bolaks AS, som gjeld deira konsesjon på lokaliteten, "Håvikvågen". Klikk for stort bilete  

Gamle merdar skal byttast ut med nye system, og heile anlegget skal flyttast lengre ut frå land. Det er viktig for verksemda å kunne optimalisere produksjonen ut frå storleiken på konsesjonen som gjeld på lokaliteten, men det er ikkje snakk om ei utviding av gjeldane konsesjon. Det er Vestland fylkeskommune som har fatta vedtak i saka. Det er knytt klagerett på vedtaket. Klagefristen er 3 veker og løper frå 07.mai d.å.
Meir informasjon om klage kjem fram av vedlegget i vedtaksbrevet frå fylkeskommunen, som er arkivert i saka.

Det er gjennomført miljøundersøkingar på staden, som understøttar søknaden frå Bolaks. Fylkesmannen har inga innvendingar til søknaden, då miljøundersøkingane viser tilfredsstillande verdiar hjå fjordsystemet. Kystverket og andre offentlege instansar har òg gjeve positiv uttale til søknaden.
Administrasjonen har avklart at tiltaket er i samsvar med arealføremålet i kommuneplanen sin arealdel og i samsvar med kommuedelplanen for akvakultur. I kommunedelplanen er det sett krav til maksimalt utnytta overflateareal (BYA) på lokaliteten, og administrasjonen har lagt til grunn for sin uttale at utforming og plassering av fôrflåte og ringsystem ikkje skal vere til større ulempe og/eller sjenanse for bebuarar eller fritidsaktivitetar i området etter flytting/endring av anlegget enn det som har vore tilfelle før flytting/endring.
Meir informasjon i saka finn du ved å klikke her.
Om du har ytterlegare spørsmål i saka, så kan epost sendast til kommunen sitt sentrale epostmottak: post@bjornafjorden.kommune.no.

Til toppen