Oppgradering og flytting av oppdrettsanlegg

Oppdrettsselskapet, Bolaks AS, har søkt om å få oppgradere og forflytte sitt produksjonsanlegg for matfisk i Håvikvågen.

Bjørnafjorden kommune har motteke og gjeve si uttale til søknad frå oppdrettsselskapet, Bolaks AS, om utviding og endring ved selskapet sin
 konsesjon på lokaliteten, "Håvikvågen". Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete  

Gamle merdar skal byttast ut med nye system, og heile anlegget skal flyttast lengre ut frå land. Det er viktig for verksemda å kunne optimalisere produksjonen ut frå storleiken på konsesjonen som gjeld på lokaliteten, men det er ikkje snakk om ei utviding av gjeldane konsesjon.

Saka vart kunngjort 08.05.2020 på kommunen sine heimesider, men grunna ufullstendig varsling, naboklage og behov for at en feil i sakshandsaminga hjå Fylkesmannen vert retta opp har konsesjonsmyndigheiten bede om at saka vert kunngjort på nytt. Det er òg gjennomført ein støyanalyse sidan sist, som vil verte lagt til grunn i den vidare handsaminga av saka.
Det er Vestland fylkeskommune som fattar vedtak i saka, men det er knytt klagerett på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå kunngjeringsdato.
Meir informasjon om klage kjem fram av vedlegget i vedtaksbrevet frå fylkeskommunen, som er arkivert i saka.

Det er gjennomført miljøundersøkingar på staden, som understøttar søknaden frå Bolaks. Det er gode miljøfaglege argument for endringa på lokaliteten. Fylkesmannen hadde inga innvendingar til søknaden i si første handsaming, då miljøundersøkingane viser tilfredsstillande verdiar hjå fjordsystemet. Kystverket og andre offentlege instansar har òg gjeve positiv uttale til søknaden. Det er imidlertid å vente at Fylkesmannen vil vurdere andre sider av saka annleis no som ein er gjort kjend med klage frå naboar.


Administrasjonen har avklart at tiltaket er i samsvar med arealføremålet i kommuneplanen sin arealdel og i samsvar med kommuedelplanen for akvakultur i tidlegare Fusa kommune. I kommunedelplanen er det sett krav til maksimalt utnytta overflateareal (BYA) på lokaliteten, og administrasjonen har lagt til grunn for sin uttale at utforming og plassering av fôrflåte og ringsystem ikkje skal vere til større ulempe og/eller sjenanse for bebuarar eller fritidsaktivitetar i området etter flytting/endring av anlegget enn det som har vore tilfelle før flytting/endring.
Meir informasjon i saka finn du ved å klikke her
Om du har ytterlegare spørsmål i saka, så kan epost sendast til kommunen sitt sentrale epostmottak: post@bjornafjorden.kommune.no.

Til toppen