Oppstart av arbeid med Statleg reguleringsplan for ny E39 Stord - Os (Hordfast)

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Oppstart av arbeid med Statleg reguleringsplan for ny E39 Stord - Os (Hordfast)

Merknadsfrist: 30.10.2020

Arkivsak: 19/10170

Statens vegvesen skal utarbeide statleg reguleringsplan for E39 Stord – Os i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden og ber om innspel til arbeidet.

Planområde går frå Ådland på Stord via bru over Langenuen og vidare nordover på Tysnes til bru over Bjørnafjorden og blir kopla til ny E39 ved Svegatjørn i Bjørnafjorden kommune.

Kart over varslingsområde kan du finne på interaktivt kart https://arcg.is/Cbqiy. Det er teke med areal i sjøen for samansetting av bru over Bjørnafjorden. Planområdet vil bli snevra vesentleg inn i reguleringsplanen.

I samband med høyringa vil vi arrangere informasjonsmøte. Dette blir annonsert i aviser og på prosjektsida.

Dersom du har synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar så send det til:
Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
eller med e-post til: firmapost@vegvesen.no

Merk brevet eller e-posten med «E39 Stord – Os». Hugs å ta med gards- og bruksnummer.

Ta gjerne kontakt og bruk prosjektet si felles e-postadresse: E39StordOs@vegvesen.no

Eller ta direkte kontakte med:
Ellen Slinde på telefon 57675795/99203238
Lilli Mjelde på telefon 55516439/41462133
Henry Damman på telefon 41526589
Signe Eikenes på telefon 57655809/95191934

Til toppen