Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale innafor detaljreguleringsplan for Landboden, Os sentrum, gnr. 55, bnr. 1 mfl.

I medhald av plan- og bygningsloven § 17-4, første ledd, blir det varsla at Bjørnafjorden kommune v/kommunalavdeling Samfunnsutvikling skal starte forhandlingar med Erstad & Lekven Utbygging AS om utbyggingsavtale innanfor reguleringsplan for Landboden i Os sentrum, plan-id 20120100, gnr. 55, bnr. 1 mfl.

Utbyggingsavtalen vil omhandle fordeling av kostnader og ansvar for opparbeiding av køyreveg og fortau, som det er stilt rekkefølgekrav om i reguleringsplanen.

Framforhandla utbyggingsavtale vil bli lagt ut til offentleg ettersyn, og deretter behandla av Bjørnafjorden kommunestyre. Inngått utbyggingsavtale vil bli kunngjort.

Spørsmål eller innspel til kunngjeringa merkast sak 21/7067 innan 19.11.2021 til:

Bjørnafjorden kommune, kommunalavdeling Samfunnsutvikling

Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Eller e-post: post@bjornafjorden.kommune.no

 

Til toppen