Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtaler innanfor detaljreguleringsplan for bustadområde Moldegaard, delfelt T1 og B7, gnr. 66, bnr. 18

I medhald av plan- og bygningsloven § 17-4, første ledd, blir det varsla at Bjørnafjorden kommune v/kommunalavdeling Samfunnsutvikling skal starte forhandlingar med Ivan Alver om utbyggingsavtale innanfor detaljreguleringsplan for Moldegaard, delfelt T1 og B7, plan-id 20141100, gnr. 66, bnr. 18.

Utbyggingsavtalen vil omhandle anleggsbidrag frå utbyggar til kommunen til opparbeiding av gang- og sykkelveg langs FV 552 Hatvikvegen frå Hegglandsdalskrysset til krysset ved Bjånes vest, som det er stilt rekkefølgekrav om i kommunedelplan for Bjånes.  

Framforhandla utbyggingsavtale vil bli lagt ut til offentleg ettersyn, og deretter behandla av Bjørnafjorden kommunestyre. Inngått utbyggingsavtale vil bli kunngjort.

Spørsmål eller innspel til kunngjeringa merkast sak 21/7796 innan 19.11.2021 til:

Bjørnafjorden kommune, kommunalavdeling Samfunnsutvikling

Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Eller e-post: post@bjornafjorden.kommune.no

Til toppen