Oppstart planarbeid - Endring av Områdeplan for Samnøy industriområde

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt oppstart av endring av områderegulering for Samnøy industriområde Bjørnafjorden kommune, GBNR 104/1 m.fl. Planområdet ligg nord for Samnøy på Bogøya, i tidlegare Fusa kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Bjørnafjorden kommune.

Klikk for stort bileteUtsnitt av planavgrensing (sjå vedlegg under)

Gjeldande områdeplan vart vedteken den 13.12.2018. Planområdet er på ca. 620 daa og omfattar ca. 103 daa i sjø og ca. 517 daa på land. Etter at planen vart vedteken har AS Bolaks sett i gang arbeid med å detaljregulere landbasert akvakultur (planarbeidet for m.a. BKB6 er varsla tidlegare), og det er løyvd midlar til AT Skog for etablering av ny tømmer-kai (SHA). Kalkylar for veg og tunell som ligg i vedteken plan syner at denne løysinga vert kostbar. På bakgrunn av desse elementa vil det blir sett på justering av arealføremål, samt andre løysingar for massebalanse og ferdig planerte næringsområde. Det er difor ynskjeleg med ei omarbeiding av delar av områdeplanen slik at ein kan leggje til rette for dei konkrete utbyggingsplanane knytt til m.a. BKB6 og SHA. Det er viktig at ein får auka utnyttingsgrad på delar av arealet, og at dette vert sett under eitt saman med utbygging av arealet til ny tømmerkai, vegframføring og disponering av steinmassar og jord til planering av framtidige næringsareal. Det er ikkje planlagt for endring av hovudvegtilkomst med tunell til vestleg del av planområdet.

Politisk Ad hoc-utval for Samnøy næringsområde vedtok i møte 08.06.2020 at arbeidet med endring av områdeplanen vert starta snarast.

Fylgjande endringar skal vurderast i arbeidet:

•       Utnyttingsgrad for BKB6 skal utvidast og justering av arealføremål slik at det vert plass til planlagt post-smolt-/oppdrettsanlegg på land

•       LNF-området mellom SHA (Tømmerkai) og BKB6 må vurderast til trafikkareal og/eller næring for å betra til¬komst til tømmerkai og BKB6

•       Det er ønskeleg at delområde BKB1-5 vert regulert i tilstrekkeleg grad slik at krav om detaljregulering går ut, jf. føresegn §2.15.1 Utnyttingsgrad skal aukast opp mot 100 %

•       Det skal leggast vekt på god utnytting av massane/massebalanse for å få mest mogleg næringsareal inn-anfor planområdet.

Problemstillingar som planen må gjera ei særleg vurdering kring er tema landskap (utnytting, planering og byggehøgder) og naturmangfald. I tillegg til desse skal andre relevante tema vurderast, men i eit mindre omfang (t.d. friluftsliv, naturressursar, trafikk, ROS-analyse). Planavgrensinga er synt i vedlagt kartutsnitt.

Reguleringsendringa skal utarbeidast som områderegulering jf. § 12-2 i plan- og bygningslova. Areala ligg i all hovudsak allereie som utbyggingsområde i gjeldande områdeplan, og endringane arbeidet skal sjå på er relativt små. Det er såleis vurdert å ikkje vera krav om konsekvensutgreiing.

Merknadar og synspunkt til planarbeidet kan sendast skriftleg til Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller e-post: post@bjornafjorden.kommune.no innan 18.08.2020.

Ta elles gjerne kontakt dersom de ønskjer å drøfte saka.

Til toppen