Planprogram for ny kommuneplan til offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz Korleis vil vi at Bjørnafjorden kommune skal utvikle seg i framtida? Samfunnsdelen er eit viktig styringsdokument, og omhandlar både lokalsamfunnet og dei kommunale tenestene.


    Planprogrammet er ute på høyring

    • Oppstart og høyring av planprogram for samfunnsdelen av kommuneplan, periode 2023-2035
    • Saksnummer: 21/1477
    • Frist for innspel: 30.04.2021

    Formannskapet har vedtatt at planprogram for samfunnsdelen av kommuneplan skal ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket blei fatta 11.03.2021, med heimel i plan- og bygningslova § 11-12 og § 11-13.

    Ønsker brei medverknad

    Arbeidet med planen startar opp samtidig med høyringa. Det er lagt opp til brei medverknad frå innbyggarar i alle aldrar, næringsliv, lag og organisasjonar, tilsette og politikarar i kommunen i heile 2021.

    Planprogrammet inneheld informasjon om opplegg for medverknad, organisering av planarbeidet og hovudtema som planen skal ta for seg, i tillegg til tidsplan for arbeidet. 

    Du finn forslaget til planprogram her (PDF, 3 MB)

    Har du innspel?

    Send høyringsinnspel på e-post til: post@bjornafjorden.kommune.no 
    Merk e-post med saksnummer 21/1477
    Høyringsfrist 30.04.2021

    Har du spørsmål? 

    Spørsmål kan du sende til prosjektleiar Ella Marie Brekke Vangsnes
    e-post: emv@bjornafjorden.kommune.no

    Til toppen